Michael Carrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Carrick
Michael Carrick - July 2015 (cropped).jpg
Michael Carrick i United-drakt
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. juli 1981
Wallsend
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Michael Carrick (fødd 28. juli 1981) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå Wallsend som i tida 2006-18 spelte på Manchester United. Med United vann han Meisterligaen 2008 og fem seriemeisterskap; 2007, 2008, 2009, 2011 og 2013. Tidlegare spelte Carrick på West Ham United frå 1999 til 2004, og på Tottenham Hotspur 2004-06.

Carrick deltok i 34 landskampar for England i tida frå 2001 til 2015, utan å kome på skåringslista. Han var med i troppane til fotball-VM 2006 og 2010, men fekk ein einaste VM-kamp. På landslaget vart han alltid ståande i skuggen av midtbanespelarar som Steven Gerrard og Frank Lampard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]