FC Twente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Twente
Fullt namnFootball Club Twente
KallenamnThe Tukkers
Pride of the East
The Reds
Grunnlagd1. juli 1965
HeimebaneDe Grolsch Veste
(kapasitet: 30,205)
StyreleiarRené Takens
HovudtrenarMarino Pusic
LigaEredivisie
2018/191. plass i Eerste Divisie (opprykk)
NettstadHeimeside
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Football Club Twente er ein fotballklubb i Enschede i regionen Twente i Nederland. Klubben vart skipa i 1965 ved samanslåinga av Sportclub Enschede og Enschedese Boys. FC Twente har sidan 1984 spela fast i den nederlandsk toppdivisjonen, Eresdivisie.

Twente vann i 2010 sitt fyrste og hittil einaste seriemeisterskap. Fire gongar har klubben hamna på andreplassen i serien; 1974, 2008, 2009 og 2011. I 2011 vann elles Twente den såkalla KNVB-pokalen som nederlandske cupmeistrar for tredje gongen. Gjennom andreplassen i den heimlege serien i 1974 kvalifiserte klubben seg for UEFA-cupen sesongen etter. Laget spela seg då heilt fram til finalen med bortekamp og heimekamp. Etter 0-0 på bortebane mot Borussia Mönchengladbach vart det ein real smell med 1-5-tap på heimebane.

Klubben har sidan 1998 spela heimekampane på De Grolsch Veste. Tribuneanleget har plass til 30 205 tilskodarar. Laget spelar i tilnærma heilraude drakter. Norske Hallvar Thoresen spela for Twente frå 1976 til -81.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]