FS «Marjata» (2016)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FS «Marjata»
Karriere i Noreg
Type: Forskingsskip
Bestilt: 2010
Verft: Vard Langsten
Sett i teneste: 2016
Identifisering: IMO-nummer: 9648659
Dekkbreidde: 24 meter}
«Marjata» i november 2015

FS «Marjata» er eit norsk forskingsfartøy for Forsvaret som blei teke i bruk i 2016. Skipet blei bygd i Romania og Romsdal og militærteknisk utrusta i USA.[1][2] Det blei døypt 6. desember 2014 av statsminister Erna Solberg.[3]

Stortinget bevilga penger til å investera i eit nytt etterretningsfartøy i 2009.[4] Forsvarets logistikkorganisasjon lyste ut prosjektet i 2011, og selskapet Vard Langsten (no del av Fincantieri) blei gjeven kontrakten etter å ha konkurrert med fleire andre norske verft om oppdraget.[5] Skroget er bygd ved Vard Tulcea i Romania, medan Vard Langsten i Tomrefjorden i Romsdal ferdigstilte skipet.

Den tekniske utrustninga fann stad frå april til november 2015 ved ein amerikansk orlogsstasjon i Virginia.[6]

Skipet er det fjerde i rekka som har namnet «Marjata». Det første var operativt i perioden 1966–1975, det andre i perioden 1976–1995 og det tredje frå 1995. Tidlegare er desse skipa blitt kalla forskningsskip, men FS «Marjata IV» er det fyrste som også offisielt driv etterretning.[7]

Skipet har verken våpen eller helikopter om bord.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: FS «Marjata» (2016)