Erna Solberg
Erna Solberg (fødd 24. februar 1961) er ein norsk politikar og tidlegare partileiar for Høgre. Ho var statsminister i Noreg frå 2013 til 2021. Solberg har vore vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 1989. I 2005 vart ho òg parlamentarisk leiar. Solberg var leiar i Høgrekvinner sitt Landsforbund 1993–1994, kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998, kommunal- og regionalminister 2001–2005 og første nestleiar i Høgre 2002–2004.
Den 12. september 2025 varsla Solberg sin avgang som partileiar i Høgre.[1][2] Ho gjekk av ved landsmøtet i midten av februar 2026 etter å ha vore partileiar i 22 år: 2004–2026.[3][4]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Erna Solberg vart fødd i Arna,[5] som den gong var ein del av Haus kommune, i 1961 som dotter av konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Faren var tilsett i Bergen Sporvei, og Erna Solberg voks opp som den mellomste av tre søstrer.[6] Ho var først elev ved Nygård skule. Med dysleksi var ikkje skulegangen utan vanskar,[7] men ho fekk først påvist diagnosen som 16-åring, og naut godt av sterke muntlege evner.[8] På fritida var ho skulemusikant og aktiv speidar i KFUK, og tok pianotimar.[6]
Solberg har studiekompetanse frå Langhaugen vidaregåande skule frå 1979. Ho er utdanna cand. mag. med mellomfag i sosiologi, mellomfag i samanliknande politikk, kurs i statistikk, mellomfag i sosialøkonomi og hovudfagskurs i statsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1986. Ho har òg deleksamen frå hovudfag i sosialøkonomi frå same universitet frå 1988.
Erna Solberg har vore gift med siviløkonom Sindre Finnes (1964–) sidan 1996, som tidlegare har vore både tilsett og tillitsvald i Høgre, og saman har dei to born.[7][9] For sitt bidrag i heimen vart Finnes kåra til «Årets mann» av Høgres Kvinneforum i 2002.[9] Familien har vore busett både i Rådal i Bergen og i Oslo.[6][9]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Lokalpolitikar
[endre | endre wikiteksten]Allereie som gymnasiast tok ho på seg verv som medlem av arbeidsutvalet i Bergens Unge Høgre 1978–1979, leiar for Operasjon Dagsverk i 1979, medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband 1979–1980 og elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring 1979–1980. Solberg var seinare lønna sekretær i Operasjon Dagsverk 1983–1985.
I studietida hadde Solberg ei rekkje tillitsverv som varamedlem av Bergen bystyre 1980–1983, medlem av Bergen skulestyre 1980–1983, formann i Bergen Unge Høgre 1980–1982, nestformann i Hordaland Unge Høgre 1980–1981, formann i Bergen Konservative Studenterforening 1985–1986, formann 1985–1987 og nestformann 1987–1989 i Sandviken Høgre, medlem av arbeidsutvalet i Bergen Høgre 1986–1988 og valkampleiar i Bergen Høgre framom bystyrevalet i 1987. Etter valet tok ho sete som medlem av bystyret og varamedlem av formannskapet fram til 1989, da ho vart friteken frå verva.
Stortingsrepresentant
[endre | endre wikiteksten]Som kommunal- og regionalminister arbeidde ho særleg for eit styrkt velferdstilbod innanfor ei ramme av færre og sterkare kommunar, i tillegg til regionalt samarbeid på tvers av fylkeskommunane.[10] Ho reformerte òg den norske asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken, og etablerte ein fungerande praksis for rask behandling av asylsøknader utan grunnlag.[10] Sidan ho tiltredde som partileiar i 2004, har Solberg særleg vektlagt den sosiale delen av – og det verdimessige grunnlaget for – Høgre sin politikk. Partiet har òg teke ei meir utprega pragmatisk retning.[11]
Etter stortingsvalet i 2009 steig oppslutninga rundt Høgre som parti og Solberg som statsministerkandidat mykje på meiningsmålingane.[11] Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart Høgre sitt beste sidan 1979. Framom stortingsvalet i 2013 var det eit uttalt mål for Høgre å danne ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre med Solberg som statsminister.[12] Resultatet vart ei regjering med Frp og Høgre som hadde ein avtale med Venstre og Krf i Stortinget.[13] Etter Stortingsvalet 2017 hadde Solberg framleis det parlamentariske grunnlaget for regjeringa si, og Venstre vart del av regjeringa i byrjinga av 2017. Hausten 2018 vedtok Kristeleg Folkeparti å forhandle om å gå inn i regjeringa dei med.
Skandalar
[endre | endre wikiteksten]Hausten 2023 vekte ektefellen hennar, Sindre Finnes, åtgaum etter at det vart kjent at han hadde utført 3 643 aksjetransaksjonar medan Solberg var statsminister; dette medførte at Solberg var inhabil i somme saker medan ho var statsminister.[14][15] Sentralstyret til Høgre har uttrykt sin tillit til Erna Solberg.[16]
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2005 vart Solberg utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Farah, Fathia Mahmoud (12. september 2025). «Erna Solberg varsler at hun vil gå av: - Jeg må ta ansvar». www.nrk.no. Henta 12. september 2025.
- ↑ Røyne, Henrik Hokaasen; Rørvik, Tone Skaarseth; Skarvøy, Lars Joakim (12. september 2025). «Erna Solberg går av». www.tv2.no. Henta 12. september 2025.
- ↑ Henrik Einangshaug; Kristian Skårdalsmo; Line Tomter & Ismail Burak Akkan. «Slutt for Erna Solberg – overlater roret til Ine Eriksen Søreide» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. februar 2026.
- ↑ Martha C. S. Díaz; Bjørn Haugan & Helge Mikalsen. «Erna Solberg takker familien: – Har støttet meg i motgang og medgang» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 14. februar 2026.
- ↑ «Sjampanjen lot vente på seg på Arna stasjon».
- 1 2 3 Johansen, Per Kristian (9. februar 2009). «Stjerneklart. Erna Solberg». NRK. Henta 11. september 2012.
- 1 2 Solvoll, Einar (6. februar 2004). «Solbergs hjemmesjef». Aftenposten. Henta 11. september 2012.
- ↑ NTB (8. september 2012). «Solberg vil gi dyslektikere tilbake fri PC». Stavanger Aftenblad. Henta 11. september 2012.
- 1 2 3 Kvalheim, Svein (4. februar 2004). ««Det står alltid en mann bak»». Bergens Tidende. Henta 11. september 2012.
- 1 2 Hellberg, Lars. «Erna Solberg». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. september 2012.
- 1 2 Alstadheim, Kjetil B. (22. desember 2012). «Solberg-og-dal-banen». Dagens Næringsliv: 2.
- ↑ Krüger, Robin; Løset, Kjetil (6. januar 2013). «Slik vil de borgerlige styre Norge». TV 2. Henta 7. januar 2013.
- ↑ http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/smk/Nyheter-og-pressemeldinger/pressemeldinger/2013/erna-solbergs-regjering-utnevnt.html?id=742867
- ↑ «Erna Solberg fikk liste med ukjente aksjehandler uken før valget», www.vg.no (på norsk bokmål), 17. september 2023, henta 18. september 2023
- ↑ Mathias Ogre; Ragnhild Vartdal; Jørgen Indrøy Strømsnes; Pål A. Solheimsnes; Balder Haarklou Jensen & Erik Tangen. «Økokrim vurderer etterforskning – dette avgjør om handelen var ulovlig» (på norsk bokmål). e24. Henta 18. september 2023.
- ↑ «Høyres sentralstyre har full tillit til partileder Erna Solberg». Dagsavisen (på norsk). 15. september 2023. Henta 17. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1961
- Regjeringa Solberg
- Norske statsministrar
- Norske kommunalministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik II
- Høgrestatsrådar
- Leiarar for Høgre
- St. Olavs Orden
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Stortingsrepresentantar 2025-2029
- Folk frå Bergen