FS «Marjata» (1992)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Marjata»
F/S «Marjata» i Kirkenes

F/S «Marjata» er eit norsk skip som gjer teneste for Forsvaret. Skipet vert nytta av Etterretningstenesta til militær etterretning og «forsking i Nordområda». Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) tek seg av reiarlagsfunksjonen for «Marjata» og skipet markerer si militære forskingsrolle ved å bere orlogsflagg og har våpenskjoldet til FFI som reiarlagsmerke.

Skipet er påfallande breitt for å sørgje for ei stabil etterretningsplattform. Det er også spesialbygd med tanke på eigenstøy.

Gjennom tidene har totalt fire militære fartøy bore namnet «Marjata»; 1966–1975, 1976–1995, 1995–2016 og 2016–. I samband med at nye «Marjata» blei teke i bruk i 2016, bytta gamle «Marjata» namn til FS «Eger».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]