Fagerfredlaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fagerfredlaus
Fagerfredlaus
Fagerfredlaus
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Nøkleblomfamilien Primulaceae
Underfamilie: Myrsinoideae
Slekt: Lysimachia
Art: Fagerfredlaus L. punctata
Vitskapleg namn
Lysimachia punctata

Fagerfredlaus (Lysimachia punctata) er ei fleirårig plante i fredlausslekta i nøkleblomfamilien, som kan bli opp til 70 cm høg.[1] Den har gule blomstrar med fem halvvegs klokkedannande kronblad, som inst i blomsterbotnen er oransje-raude. Blomstrane sit i dei øvste bladhjørna og oppover heile toppen av stilken.

Nærbilete av blomstrane, som liknar blomstrane til vanleg fredlaus.

Blada er mørkt grøne, spisse og relativt slanke og lange, og står ofte to og to i ein krans om stengelen. Fagerfredlaus trivst som hageplante og i fuktig mark i skogbryn og på myr og enger. Den veks hovudsakleg på Austlandet.

Fagerfredlaus liknar mykje på fredlaus (Lysimachia vulgaris), men fagerfredlaus har meir bladfylte blomsterkransar med blad heile vegen opp parallelt med blomstrane heilt til topps i stilken. Den har òg svareprikka undersider på blada. Blada er òg meir slankt lansettforma enn hos fredlaus.

Ein finn fagerfredlaus naturleg frå sentrale, austsentrale og søraustre Europa til det sørlege Tyrkia. Arten er ei vanleg hageplante i Noreg og Sverige og er forvilla på mange stader.

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

  • Lysimachia punctata 'Alexander'[2][3][4] - (Lysimachia punctata 'Variegata')[5]
  • Lysimachia punctata 'Golden Alexander'[6] (Lysimachia punctata 'Walgoldalex' )[7][8]
  • Lysimachia punctata ‘Gaulthier Brousse’[9]
  • Lysimachia punctata ‘Golden Glory’
  • Lysimachia punctata ‘Irish Butter’
  • Lysimachia punctata ‘Ivy MacLean’

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fagerfredlaus
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lysimachia punctata