Falkenbergs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Falkenbergs kommun
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Hallands län
Landskap Halland og Västergötland
Centralort Falkenberg
Areal 1 162 km²
 - land 1 115 km²
 - vatn 47 km²
Folketal 40 084
Folketettleik 34 5 / km²
Falkenberg Municipality in Halland County.png
Wikimedia Commons: Falkenberg Municipality
Nettstad: www.falkenberg.se

Falkenbergs kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Hallands län til Hylte kommun i aust, Halmstads kommun i søraust og Varbergs kommun i vest og nordvest. I tillegg grensar han til Gislaveds kommun i Jönköpings län i nordaust, og til Svenljunga kommun i nord og Marks kommun i nordvest, begge i Västra Götalands län. Administrasjonssenteret i kommunen er Falkenberg.

Det indre høglandet i kommunen er prega av skog, og dalbotnane har har elveavleiringar og våtmarker. Kystlinja i sør har strandstrekningar og sandvollar mellom bergknausene. Næringslivet er dominert av små og mellomstore verksemder. Mellom dei viktigaste føretaka er bryggjeriet Carlsberg Sverige AB og Gekås Ullared, som er eit av dei mest besøkte kjøpesentra i Sverige.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kommunen vart oppretta i to steg gjennom kommunereformene i 1952 og 1971 av Falkenbergs stad og 23 andre kommunar. I 1952 vart desse «storkommunane» oppretta: Högvad (då i Älvsborgs län), av kommunane Holsljunga, Mjöbäck og Älvsered), Morup (av Morup og Stafsinge), Ullared (av Fagered, Källsjö og Ullared), Vessigebro (av Alfshög, Askome, Köinge, Okome, Svartrå og Vessige), Vinberg (av Ljungby og Vinberg), Årstad (av Abild, Asige, Eftra, Slöinge og Årstad) og Ätran (av Gunnarp, Gällared og Krogsered). Skrea landskommun vart innlemma i Falkenbergs stad.

I 1971 danna Falkenbergs stad, saman med landskommunane Morup, Ullared, Vessigebro, Vinberg, Ätran og Årstad, samt Älvsereds församling (frå den oppløyste Högvads landskommun), Falkenbergs kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvbakgrunn, ein raud falk som står på eit grønt fjell med tre kular.[1]

Dette er eit prakteksempel på eit såkalla «talande våpen», altså at våpenet illustrerer sjølve namnet. Namnet kjem frå ei borg i mellomalderen, og det eldste seglet med ein falk er frå 1500-talet. Fargevalet vart vedteke av Kongen i 1948. Etter kommunesamanslåinga vart våpenet teke i bruk i den nye kommunen. Det fanst ikkje andre våpen i området.

Det biletet av våpenet som kommunen brukar, vart teikna og teke i bruk i 1999, og ein kan sjå det på nettstaden til kommunen. Frå eit heraldisk synspunkt er det ingen skilnad i høve til den versjonen som er presentert i denne artikkelen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 17 tettstader i Falkenbergs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Falkenberg 18 972
2. Skogstorp 2 180
3. Slöinge 974
4. Ullared 820
5. Skrea 789
6. Vessigebro 774
7. Glommen 687
8. Vinberg 598
9. Långås 516
10. Älvsered 475
11. Heberg 463
12. Tettstaden Ätran 400
13. Ringsegård 383
14. Bergagård 265
15. Årstad 258
16. Morup 248
17. Vinbergs kyrkby 216

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en röd falk stående på ett grönt treberg».