Fallebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fallebø is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Fallebø
Fallebø
Foto: Bjarne Thune
Båthamna i Storvika ved Fallebø
Foto: Bjarne Thune
Systeinen
Foto: Bjarne Thune

Fallebø ligg i ei open bukt av Sognesjøen omtrent to og ein halv kilometer nordaust for Dingeneset i Gulen kommune i Vestland.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet vert uttalt fa'lebøn. Det vart skrive Fallebøe i 1603, Fallsbøe i 1611, Fallebøe i 1667, 1703 og 1723. På gammalnorsk heitte det Fallabær, siste ledd -bær betyr truleg at garden opphavleg var ein del av ein større gard. -bær betyr bø.[1] Fallebø er truleg ikkje brukt som gardsnamn andre stader.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rett vest for Fallebø ligg ein holme, Systeinen. Her har det vore slege opptil 12 bører høy. Etter segna skal Systeinen ha vore brukt til rettarstad.[1][2]

Å koma seg til Fallebø var lenge vanskeleg over bratt fjell og i ulendt terreng. Mykje av trafikken gjekk derfor via bukta, og den var open, så i dårleg ver var det vanskeleg å koma på land der. Folk på Fallebø søkte derfor om å få ein molo i 1908. I 1917 søkte dei om å få ein veg til Lyngnes, der skulehuset for krinsen var reist. I 1935 var det ein debatt i Gulen kommunestyre om kva som var mest nødvendig, molo eller veg, men saka vart utsett. Etter den andre verdskrigen vart det bygt veg til Rise og til Riseneset, og dei verste stadene på vegen vart retta ut slik at det ikkje var så farleg å gå der.[1] Fallebø fekk veg i 1974. Denne er seinare bygd vidare til Dingja.

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Matrikkelen frå 1667 viser at det var to brukarar på Fallebø, Jørgen og Ivar, men matrikkelen frå 1723 nemner berre ein brukar, Johannes, og ingen husmenn.[3]

Bruk ein[endre | endre wikiteksten]

På bruk ein var Torstein truleg brukar i 1603, og han dreiv garden til omkring 1630. Det vart lagt inn vatn på garden i 1958, og han fekk elektrisk straum i 1957.[3]

Bruk to[endre | endre wikiteksten]

Fallebø vart delt i to like bruk mellom 1648 og 1657, og ein husmann, Jørgen, var på det ene bruket. I 1664 vert han kalla bonde. Det vart bygt nytt bustadhus i 1912. Bruket fekk elektrisk kraft i 1957.[4]

Husmenn[endre | endre wikiteksten]

I 1820 vart det oppretta ein husmannsplass, Flotevik. I 1841 var det busetjing på plassen Storevik eller Flotevikneset. Etter 1880 låg plassen aude og vart brukt til plantefelt.[5] I dei seinare år er det bygt ei mengd hytter her i fleire hyttefelt. I Storevika er det bygt ein båthamn med molo og naust.

I 1942 tok tyskarane husa og jordeigedommane frå dei som budde på bruk fire, fem og seks på Rise, for å byggje Risenes fort. Dei fekk bu på Fallebø inntil freden kom.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 163
  2. |Nrks Fylkesleksikon[daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 164
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 167
  5. 5,0 5,1 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 171

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]