Dingeneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dingeneset sett frå sjøen
Foto: Bjarne Thune
Dingeneset sett frå sjøen
Foto: Bjarne Thune
Dingeneset sett frå sjøen
Foto: Bjarne Thune

Dingeneset er eit nes som ligg på nordsida av Dingjevågen ved Dingja i Gulen kommune i Vestland. På neset står Dingenes fyr. Dingeneset, ved innløpet til Sognefjorden, var i historisk tid grensa mellom Haurdafylket (Hordaland) og Sygnafylket (Sogn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omkring 15 m frå fyrlykta finst ei røys som no er svært øydelagt. Det skal ha vore funne mannebein i røysa. I bronsealderen vart det ofte laga slike røyser over døde stormenn, men ein veit ikkje når røysa på Dingeneset stammer ifrå. I sagaen er det fortalt om eit stort slag ved Dingeneset i år 978 mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson.[1]

Fylkesgrense[endre | endre wikiteksten]

Dingeneset var frå eldgamle tider grense mellom Hordaland og Sogn. Den delen av nåverande Gulen kommune som ligg sør for Dingeneset, høyrte i dansketida inn under futen i Nordhordaland. Også Gulen kyrkje låg under Nordhordland prosti fram til 1773. Da vart Eivindvik prestegjeld, det vil seie det som no utgjer den søre delen av Gulen kommune, lagt under futen i Ytre Sogn og vart ein del av Sogn og Fjordane fylke ( Nordre Bergenhus amt).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorres kongesoger

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen kommune 1996,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]