Dingja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dingen tønne- og trevarefabrikk
Foto: Bjarne Thune
Dingja Landhandel
Foto: Bjarne Thune
Åse Lene Vatne, eigar av Dingja Landhandel
Foto: Bjarne Thune

Dingja er ei lita bygd i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg langs Sognesjøen, ved munningen av Sognefjorden, om lag fem km nord for kommunesenteret Eivindvik. Innsjøen Dingevatnet ligg rett aust for Dingja.[1] Om vinteren bur der rundt 40 innbyggjarar, men befolkninga veks om sommaren. Det er mange hytter i området, og med ein liten matbutikk er Dingja ein populær stoppestad på veg inn i Sognefjorden.

Beskriving[endre | endre wikiteksten]

Garden Dingja ligg ved botnen av ein stor våg, Dingevågen som skjer seg inn frå Sognesjøen. På nordsida av vågen ligg Dingeneset og ytst på det er ei fyrlykt. Ei kort elv, Dingjaelva renn frå Dingevatnet ned til Dingevågen. Truleg er det elva Ding som er opphav til namnet. Skrivemåten var Dingen i 1611, 1667 og 1723.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det kan ha budd folk i Dingja sidan gamle tider. Det er funne ei mura, helledekt grav her, og ei skål frå yngre jernalder er òg funnen her. Dingja har ei god hamn, og utanfor har det i alle år vore eit rikt fiske. Skipsleia går like utanfor. Inne i landet er det skog og vatn og vilt. Skriftlege kjelder fortel at skogen vart freda i 1686[3]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Mathias Hansson Dingen dreiv klippfisktørking på svaberga ved Nyhamar på 1880-talet. På 1890-talet dreiv Hans Dingen ein shoddyfabrikk til mellom anna fyll i madrassar og stoppa møblar. I 1912 kjøpte Johannes Steine fallrettane i Dingja og bygde kraftstasjon i 1917. Han brukte krafta mellom anna til drift av Dingen Tønde- og Trævarefabrik som han hadde starta 1908.

Dingja Fiskeoppdrett vart starta i Dingja i 1982 av Ole Steinset. Seinare fekk Ola Braanaas med Firda Settefisk konsesjon på å byggje setjefiskanlegg i Dingja. I 1990 gjekk Dingja Fiskeoppdrett konkurs og anlegga vart nedlagde nokre år seinare.

Veg Sollibotn — Dingja[endre | endre wikiteksten]

Det var eit sterkt ynske om å byggje ein veg til Eivindvik. Ein ynskte å revitalisere bygda og gjere reisetida til skulen i Eivindvik mindre. Fylkeskommunen gav 12 millionar og Gulen kommune 8 millionar. BKK hadde i 2001 gjeve eit lån på 3,2 millionar. Resten av pengane vart samla inn blant grunneigarar og andre lokalt.

11. mai 2007 fekk fylkesordførar Nils R. Sandal og ordførar Trude Brosvik saman med Leif Nyhammer æra av å opne fylkesvegen Sollibotn-Dingja. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dingja» (på Norwegian). yr.no. Henta 1. november 2010. 
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 173
  3. Gulen i gammal og ny tid side 173
  4. Nordhordland: «Jubel for ny Dingja-veg»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]