Falling av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Falling
Singel av Roy Orbison
B-side «Distant Drums»
Utgjeve 25. mai 1963
Innspelt 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:22
Selskap Monument 45-815
Låtskrivar(ar) Roy Orbison
Roy Orbison-kronologi
«In Dreams»
(1963)
Falling «Blue Bayou»
(1963)


«Falling» er ein song skriven og framført av Roy Orbison. Songen vart gjeven ut på singel 25. mai 1963. Singelen vart ein middels hit med ein 22. plass på singellista i USA, ein niandeplass i Storbritannia og ein tredjeplass i Australia. Songen vart spelt inn med Joe Tanner's Orchestra and Chorus.

B-sida til singelen var «Distant Drums» av Cindy Walker Denne songen vart framførte med Bob Moore's Orchestra and Chorus.

Songen er ein blanding av den dramatiske balladestilen Orbison var kjend for med ein latinamerikansk-aktig oreksterpop, som kan minne om the Drifters sin «Spanish Harlem» og «Under the Boardwalk».[1] I følgje Allmusic er ikkje songen av dei aller fremste Orbison skreiv og meinte at melodien var mindre nyskapande og teksten mindre inspirert enn dei største hittane hans.[1].

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 22
U.S. Billboard Easy Listening 7
Australia 3
Canada 29
Storbritannia 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]