Falske vener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Falske vener er ord på ulike språk som likner kvarandre i form, men har ulik tyding. Slike ordpar finn ein gjerne i språk som har språkleg eller kulturell slektskap, slik at mange ord der både er like og har lik tyding, men nokre ord har ulik tyding, til dømes fordi tydinga har utvikla seg ulikt på dei ulike språka, eller fordi dei har ulike lånord. Falske vener kan vera eit problem i samband med språklæring, der ein ikkje har fullstendig oversikt over tydingane til orda på eit andrespråk, tolking og omsetjing, der ein kan oversjå feiltolkingar.

Det finst fleire falske vener på bokmål og nynorsk. Bokmålsordet «uttalelse», som kan visa til ei 'uttrykt meining' eller ein 'resolusjon', kan omsetjast feil til nynorsk som «uttale» der eit ord som «fråsegn» ville vore rettare. Eit døme på falske vener mellom norsk og svensk er svensk glass (lånord frå fransk glace), som tyder 'is(krem)', ikkje 'glas', på norsk.[1]

Svensk grundlag kan minna om norsk «grunnlag», men tyder 'grunnlov'.[1] Dansk grine tyder 'å le', men på norsk tyder det å grina eller gråta.[2]

Døme på norsk og engelsk kan vera norsk nikkers (lånord frå engelsk knickers eller knickerbockers),[3] som tyder knebukse, og engelsk knickers, som no berre tyder 'underbukse'.[4]

Eit døme på falske vener på norsk og fransk er «ortofoni», som på norsk viser til skriftspråk tufta på lydrett nedskriving av ord, medan fransk orthophonie viser til 'logopedi'.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Falske venner» (PDF). Statsspråk (3). 2010. s. 4. 
  2. «falske venner» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «nikkers» i Det Norske Akademis ordbok
  4. «knickers». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.) https://www.oed.com/view/Entry/103996?rskey=X84NeZ&result=2#eid
  5. Ingvil Brügger Budal (19. oktober 2018). «Franske og falske vener i fagspråket». Fagspråk.