Fanafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Fanafjorden sett frå Hordamuseumet

Fanafjorden er fjordarmen som går frå Korsfjorden og 8,5 km inn til botnen av fjorden ved Fanahammaren. Sjølve fjorden endar ved ytre Milde og har Krokeidvika som avgrensing mot sør. Fjorden har ei djupne på ca. 100 meter ved utløpet med ca. 15-20 meter inst. Fjorden hadde monaleg bra vintertorskefiske i tidlegare tider, og svære notbåtar kom årleg innom og lystra opp torsken som var på gyting. Han er no ureina av husa ikring, men det er mogleg å få , aure, laks, hummar, krabbe, kviting, kolmule, lusuar torsk og sei på opp til meir enn 10 kilo der fjorden er djupare enn 40 meter.

På Hordnes var det inntil om lag 1955 sildesalteri og ved Stend Mølle m.a. hermetikkfabrikk og mangearta småindustri som alginatproduksjon, målingsprodukt, sømstove og til sist elektronisk industri som produksjon av transformatorar, reaktorar til lysrøyr og elektroniske komponentar til ymse formål for mellom anna elektronikkbedriften NERA

Rosendahl Industrier dreiv reperbane og framstilling av tauprodukt til først på 1960-talet ved utløpet av Fana-elva, der det au vart bygd eit lite kraftverk, som ved Stendaelva der det framleis er el-produksjon.

Tettstaden Fanahammaren som har historiske røter tilbake til 1100-talet var inntil 1960-åra prega av småbruk og busetnad av arbeidarar ved bedriftene ved Stend Mølle og Fossen (Rosendahl) med eit folketal på om lag 150 personar pluss tilgrensande endå 100 i Volladalen. Tilgrensande bygder på Hordnes og på Saganes hadde eit par hundre innbyggjarar.

Fanahammeren er no den raskast veksande tettstaden i Bergens-området når område i ein omkrets på 2-3 kilometer blir rekna med.

Inst i fjorden ligg Hordamuseumet, ei samling gamle bygg frå forskjellige stader i Hordaland.