Fantasiforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Festivalsjef Sigurd Øien på dagsfestivalen En Midtsommernatts Drøm i 2010

Fantasiforbundet (skipa 2009) er ein norsk organisasjon for aktivitetar knytte til spel, eventyr og fantasien. Leiar er Åslaug Ullerud (2016). Fantasiforbundet skal ifylgje føremålsparagrafen skape eit morosamare og meir fantastisk samfunn. Fantasiforbundet sin hovudaktivitet går føre seg i Noreg, men forbundet arbeider også internasjonalt med fokus på menneskerettar, særleg organisasjonsfridom og retten til å ta del i kulturlivet. Forbundet baserer seg på friviljug arbeid, einskildmedlemskap og sjølvstyrte prosjektgrupper. Mange av prosjekta, men ikkje alle, har tilknyting til laiv.

Fantasiforbundet har mellom anna arrangert seglasen En Midsommernatts Drøm og Fantasigründerskolen. Fantasiforbundet samarbeider med Laivfabrikken Oslo om å lage kortlaivfestivalen Grenselandet som vart halden fyrste gong i november 2010. Mykje av aktiviteten skjer i Oslo og Trondheim, men der finst medlemmar over heile landet. I november 2010 vart Fantasiforbundet Midt-Noreg skipa.

Liste over aktive prosjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Look into the Future (i samarbeid med Raftostiftelsen)
  • En Midtsommernatts Drøm / Midtsommerfestivalen
  • Fantasigründerskolen
  • Glimt av eventyr
  • Grenselandet (i samarbeid med Laivfabrikken Oslo)
  • Horisont Syd
  • Knutepunkt 2013
  • Larp Exchange Academy
  • Oslo Winter Games
  • The Larpwriter Challenge
  • The Larpwriter Summer School (i samarbeid med education centre POST i Hviterussland)
  • Till Death Do Us Part (i samarbeid med Youth Peace and Freedom Forum i Palestina)

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Playing the learning game (Andresen et al.) 2012
  • Fantasigründerboka (Anderson, Müller et al.) 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]