Farasanøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farasanøyane
øygruppe
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 16°29′N 41°32′E / 16.48°N 41.54°E / 16.48; 41.54
Kart
Farasanøyane
16°48′N 41°51′E / 16.8°N 41.85°E / 16.8; 41.85
Wikimedia Commons: Farasan

Farasanøyane (arabisk جزر فرسان; Juzur Farasān) er ei stor gruppe koralløyar i Raudehavet som høyrer til Saudi-Arabia. Øyane ligg kring 40 km frå kysten av Jizan, heilt sørvest i landet. Dei er eit verneområde og her heldt dei utdøydde arabiske gasellene til tidlegare, og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa. Den største øya er Farasanøya. Andre øyar i gruppa er Sajidøya og Zufaføya.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I 1919 oppdaga franskmenn petroleum på øyane. I 75 år dreiv Red Sea Oilfields Company eit raffineri på øyane.[1] I 1920 hadde Farsanøyane ein liten fiskeindustri..[2]

Turisme og fiske er viktige næringar her. Farsanøya er knytt til hamnebyen Jezan med ferje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99. 
  2. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 18. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]