Fargefotografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidleg fargefotografi, eit utsyn over Agen i Frankrike, teke av Louis Ducos du Hauron i 1877.

Fargefotografi er ei form for fotografi der ein bruker medium som kan gje att fargar, til forskjell frå svart-kvitt.

Ulike teknikkar for fargefotografi blei utvikla på midten av 1800-talet. I tidlege eksperiment hadde ein problem med å fiksera bilda og forhindra fargane frå å bleikna. Det første permanente fargefotografiet blei teke i 1861 av fysikaren [[James Clerk Maxwell] Ein tidleg metode for å ta fargefoto var ved hjelp av tre fotoapparat. Kvart apparat hadde eitt fargefilter framfor objektivet, som gav tre grunnleggande fargekanalar for å gje att eit bilde i fargar i mørkerommet. Den russiske fotografen Sergej Prokudin-Gorskij utvikla ein annan teknikk med tre fargeplater som blei tekne i rask rekkefølgd.

Tidleg fargefotografi registrerte berre eit avgrensa fargespekter. Først ved byrjinga av 1900-talet utvikla fotokjemikarar som H.W. Vogel ein emulsjon for fargefilm som var sensitiv nok til at grønt og raudt lys blei teke opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne teknologiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.