Felleseige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Felleseige er eit juridisk omgrep for den formua som skal delast mellom ektefellane ved skifte når eit ekteskap tar slutt ved separasjon og skilsmisse. Reglane om felleige står i Ekteskapslova.

Felleseige er ikkje det same som sameige. Ekteskapet medfører ingen endringar med omsyn til kva ektefellane eig. Dei har kvar sine rådveldedelar av felleeiget. Kvar av ektefellane sin rådveldedel av felleseiget består av alt vedkomande eig, og som ikkje er særeige. Kvar av ektefellane har full eigen råderett over eigen rådveldedel, og over eigedelar som fullt ut høyrer til eigen rådveldedel. Her er eit viktig unntak, her er krav om samtykke frå den andre ektefellen for pantsetting eller overskøyting av felles bustad.

Det kompliserar biletet noko, at mange eigedelar i eit ekteskap kan vere skaffa av begge saman, og dermed er i eit tingsrettsleg sameige mellom dei. Eigedelar kan vere eigde i sameige med ein halvpart på kvar, men her kan også vere andre eigarbrøkar. Den delen av ein eigedel som ein ektefelle eig, vil også høyre til vedkomande sin rådveldedel av felleseiget.

Det kompliserar biletet enda meir, at delar av felleseiget kan vere unnateke frå deling fordi her kan gjerast gjeldande krav om skeivdeling på skiftet. Skeivdeling er ein rett til å halde utanfor delinga formue som klart kan førast tilbake til det som ein hadde med seg inn i ekteskapet, eller har mottatt som arv eller gåve frå andre enn ektefellen, Ekteskapslova § 59.

Poenget med felleseige viser seg ved skiftet: Alle verdiane som er omfatta av felleseiget skal delast likt mellom ektefellane - men der ein har rett til å behalde eigedelar som ein eig. Verdien av eigedelar som ein eig og beheld skal likevel delast likt. Også dette kan bli modifisert, fordi her kan vere gjeld som den eine, den andre, eller begge kan vere ansvarlege for. Då ein ikkje er ansvarleg for den andre ektefellen si gjeld, kan resultatet bli at den eine har meir gjeld enn formue på sin rådveldedel, medan den andre har netto formue. Skiftet vil då gi som resultat at den som har netto må overføre opptil halvparten av sin netto til den den andre.

Lovgjevar har fleire gongar vurdert å erstatte omgrepet felleseige fordi det er misvisande. Det kunne for eksempel vore erstatta av eit omgrep som delingsformue eller liknande. Ein har likevel valt å behalde omgrepet, først og fremst fordi det er så innarbeidd i den juridiske terminologien.