Særeige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Særeige er eit juridisk omgrep innan ekteskapsretten sine reglar om ektefellar sine formuestilhøve.

Den vanlege formuesordninga for ektefellar er felleseige, som er den formuesordninga dei har viss dei ikkje har avtalt nokon anna, og her heller ikkje er arv eller gåver som arvelatar eller gjevar har bestemt skal vere særeige for arving eller mottakar.

Ektefellane kan avtale fullstendig særeige, eller dei kan avtale delvis felleseige og delvis særeige. Dei kan også ha felleseige, men med særeige for gåver eller arv jfr førre avsnitt.

Ved ein avtale om særeige, ektepakt, kan ektefellane avtale at det som dei eig eller seinare ervervar, skal vere heilt eller delvis unntatt frå deling ved eit eventuelt seinare skifte. Partane kan inngå avtale om særeige også før dei gifter seg, med verknad frå ekteskapsinngåinga.

Avtalen kan avgrensast til å gjelde den eine ektefellen si formue eller delar av den eine eller begge ektefellane si formue.

Ektefellar kan også ved ektepakt avtale at særeiget ikkje skal gjelde ved oppgjer etter at den eine ektefellen er død.

Det er formkrav for at ein avtale om særeige skal vere gyldig. Den må inngåast som ei ektepakt, dvs ein avtale mellom ektefellane som fyller særlege krav til underskrift av vitne mv.

At eigedelar er særeige medfører at det ved eit oppgjer etter separasjon er slik at desse delane av ektefellane si formue ikkje skal delast: Eigaren av særeiget overtar desse eigedelane utan vidare.

Ein vanleg og unødvendig feil som blir gjort er at ein ektefelle overfører sine eigedelar til den andre ektefellen sitt særeige for å unngå pågang eller risiko for pågang frå eigne kreditorar. Det er likevel heilt unødvendig å overføre til den andre ektefellen sitt særeige for å oppnå vern mot kreditorane. I staden kan ein opprette ei ektepakt, der eigedelane blir overført til ektefellen sin rådveldedel av felleseiget, som den andre ektefellen sitt eineeige. Ein har då oppnådd vernet mot kreditorar, men eigedelen vil framleis vere ein del av det ekteskaplege felleseiget. At det er ein del av felleseiget har som verknad at det framleis er ein del av det som skal delast likt ved eit eventuelt skifte ved separasjon og skilsmisse.

Dei nærare reglane om særeige framgår av Ekteskapslova.