Fellesføretak
Fellesføretak er ei juridisk eining stifta av to partnarar og som vert drive i fellesskap. Dei to partane skyt inn om lag like mykje midlar, deler kostnadar og forteneste likt mellom seg og kontrollerer føretaket saman. Eit Fellesføretak kan verta stifta for eit einskid prosjekt eller for langsiktig samarbeid. Eit Fellesføretak skil seg frå ein strategisk allianse, som ofte ikkje bygger på likskap mellom partane.
På fransk vert fellesføretak kalla entreprise commune og på engelsk joint venture eller joint undertaking.
Døme[endre | endre wikiteksten]
- Al-Ghazi mellom det pakistanske føretaket Pakistan Tractor Corporation og det italienske føretaket Fiat trattori.
- RosUkrEnergo mellom det russiske føretaket Gazprom og dei ukainske myndigheitene [1].
- Sincor mellom det norske føretaket Statoil og franske føretaket Total-FinElf [2]
- Sony Ericsson mellom det japanske føretaket Sony og det svenske føretaket Ericsson.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Russland og Ukraina enige om viktig gassavtale, OLF, 4/1 2006
- ↑ South American Politics and Government, El Sur, 30/1 2003.