Feltre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Feltre
Gamlebyen i Feltre

Feltre er ein by og ein kommune i provinsen Belluno i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 100,6 km². Byen ligg på ein åsrygg, 325 meter over havet. I gamlebyen er det renessansehus utsmykka med sgraffito-forsiringar. Feltre ligg ei 20 kilometer sørvest for provinshovudstaden Belluno. Nord for byen reiser Dolomittane seg.

Feltre er eit regionalt sentrum for metallindustri. Byen har elles eit privat universitet som vektlegg språk og kommunikasjon.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen er av etruskisk opphav: Felthuri eller Velhatre. Under romarriket vart bygt den viktige vegen Via Claudia Augusta, vegen gjekk frå Aquileia over Alpane til Augsburg.

I 1404 vart Feltre, som resten av Belluno-provinsen, lagt under republikken Venezia. Byen vart i 1509 lagt i ruinar under Maximilian II av Austerrike sitt felttog mot Venezia. Seinare vart byen bygt opp att i ein karakteristisk 1500-talsstil.

Frankrike erobra Feltre i 1797. Etter Wienerkongressen fekk Austerrike-Ungarn makta over byen. I 1866 vart så byen annektert av Italia. Sidan slutten av fyrste verdskrigen har han også offisielt tilhøyrt Italia.

I juli 1943 var Feltre møteplass for statsleiarane Adolf Hitler og Benito Mussolini. Møtet kom i stand då dei allierte krigsmaktene pressa på i Sør-Italia, samstundes som Wehrmacht trekte seg tilbake på Austfronten etter det tyske nederlaget ved Stalingrad. Dei to forbundsfellane hadde motstridande interesser, noko som førte til at Mussolini kort etter vart avsett av fascistane sitt storråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]