Feltskjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysk feltskjær i arbeid under den tysk-franske krigen i 1870.

Ein feltskjær var ein person som i krig stelte med sårskadar, amputasjonar og i nokon grad kirurgiske inngrep[1]. Feltskjær oppsto som eit handverk på grunn av at kyrkja, gjennom konsilet i Tours i 1163, la ned forbod mot at lækjarar kunne utføra kirurgiske inngrep[1]. Feltskjærar hadde ikkje universitetsutdanning slik som lækjarane, men gjekk i lære hjå eldre feltskjærar. Dei hadde difor låg sosial status og vart sett ned på av lækjarane. I fredstid fungerte ein feltskjær ofte som barberar. I Noreg er yrket kjent frå 1600-talart, då det vart nemnt i samband med Hannibalfeiden. Etter at Universitetet i Oslo var oppretta i 1811 vart det utdanna kirurgar der, og feltskjæryrket døyde ut saman med dei siste utøvarane[1].

Ein feltskjær hadde ikkje anna bedøving enn brennevin å tilby pasientane, så dei freista å utføra arbeidet snøgt for at pinsla skulle verta så kortvarig som muleg. Ved amputasjonar nytta dei ofte eit timeglas. Det var difor viktig å ha kvasse knivar og sager. Dei hadde ingen kunnskap om bakteriar og det kunne vera så ymse med reinsemda. Det hende difor ofte at pasientane vart sjuka av sårfeber og ikkje alle overlevde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Feltskjær], Store medisinske leksikon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]