Femtekolonnist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amerikansk poster frå den andre verdskrigen som åtvarar mot femtekolonnister.

Femtekolonnist er ein infiltratør, spion, sabotør, sympatisør som driv med politisk eller militær aktivitet til fordel for eit land, kultur eller annan maktorganisasjon, og som har som føremål å undergrava eller styrte den sitjande makta.[1]

Uttrykket er først dokumentert under den spanske borgarkrigen (1936–1939), då det vart brukt av nasjonalistgeneralen Emilio Mola.[2] Han sende styrkar i fire kolonnar mot Madrid, og under ein radiotale sa han at det òg var ein femte kolonne (spansk: Quinta columna) som var inne i byen allereie som politisk samarbeidde med Franco for å undergrava regjeringa.[3]

Omgrepet vart òg brukt saman med skildringa av å vera sionistar av det kommunistiske styret i Polen i 1960-åra, då i samanheng med utdrivinga av dei fleste attverande jødar som enno var i Polen etter den andre verdskrigen. Det har òg vorte brukt av Lev Trotskij som namn på den sovjetiske 5. arméen, men då utan noka spesiell tyding.

Femtekolonnist er òg eit flittig brukt ord i nyare tid, men då òg som eit uttrykk for meir ufine former for «lobbyverksemd» innan føretak og politikk.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «femtekolonnist». Nynorskordboka. Henta 15. juni 2019.
  2. “fifth column (n.)” i Online Etymology Dictionary
  3. Holland, James : The Battle of Britain: Five Months That Changed History; May–October 1940. New York: St. Martin's Griffin. S. 126–127. ISBN 9780312675004
  4. For døme på ein slik bruk av ordet, sjå «femtekolonnist». Det Norske Akademis ordbok. Henta 15. juni 2019.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bilek, Bohumil (1945): Fifth Column at Work, London: Trinity. Skildring av den tyske minoriteten i Tsjekkoslovakia.
  • Loeffel, Robert (2015): The Fifth Column in World War II: Suspected Subversives in the Pacific War and Australia, Palgrave.