Fenghette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei metalliske sylindrane på biletet er fenghetter. Sprengstoffet brukt er blokker med C4

Ei fenghette (òg kalla sprenghette, sprengkapsel, knallhette og knallperle) er ei lita eksplosiv ladning som vert brukt for å detonera større mengder sprengstoff. Fenghetter vert vanlegvis detonert med elektrisitet eller lunte.

Føremålet med å bruka fenghetter er for å unngå å transportera større mengder kjenslevart sprengstoff. Fenghettene er svært kjenslevare, men inneheld små mengder sprengstoff. Detonasjonen av ein fenghette vert då brukt til å detonera til dømes dynamitt, som er mindre kjenslevart. Ein tilsvarande innretning som kan påverkast med fysisk deformering vert kalla tennhette og er brukt i skytevåpen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste fenghetta vart demonstrert i 1745, då ein Dr. Watson frå Royal Society of England demonstrerte at ein elektrisk gneiste frå ei leidnerflaske (primitiv kondensator) kunne setja fyr på svartkrut.

I 1750 produserte Benjamin Franklin i Philadelphia ei kommersielt tilgjengeleg fenghette. Ho bestod av eit røyr av papir fylt med svartkrut, med leidningar ut begge endane. Dei to leidningane var nær kvarandre inni fenghetta, men rørte ikkje kvarandre. Ei høg elektrisk spenning skapte ein gneiste mellom leidningane, noko som kunne setja fyr på fenghetta.

I 1822 vart den første fenghetta med glødetråd laga av Robert Hare. Han brukte ein enkelt tynn leidning gjennom fenghetta som tende ei blanding (truleg av kaliumklorid/arsen/svovel) då ho vart varm. Denne blandinga tende igjen ei større ladning pakka svartkrut.

I 1867 innførte Alfred Nobel den første pyrotekniske fenghetta. Ho brukte Hg(ONC)2 for å detonera dynamitt. I 1868 lanserte H. Julius Smith ein fenghette med gneistetenning av Hg(ONC)2, den første elektriske fenghetta som kunne detonera dynamitt.

I 1875 utvikla og lanserte Perry Gardiner og Smith samtidig og uavhengig av kvarandre fenghetter som kombinerte glødetråd og kvikksølvfulminat, Hg(ONC)2. Desse var forgjengaren til moderne fenghetter, som rett nok brukar andre kjemiske samansetjingar, men elles er ganske like Gardiner og Smith sine fenghetter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]