Fernando Muslera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fernando Muslera
Personleg informasjon
Fullt namn Néstor Fernando Muslera Micol
Fødd 16. juni 1986 (37 år)
Fødestad Montevideo
Høgd 190 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Galatasaray
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Uruguay Montevideo Wanderers
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-07

2006-07
2007-11
2011-
Uruguay Montevideo Wanderers
Uruguay Nacional (lån)
Italia Lazio
Tyrkia Galatasaray

44 (0)
5 (0)
97 (0)
217 (1)
Landslag
2009- Uruguay Uruguay 92 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mai 2017
‡ Landslagsmål oppdatert 10. september 2017

Néstor Fernando Muslera Micol (fødd 16. juni 1986 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar og keeper som i 2018 spelar for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen og for Uruguay sitt landslag.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Muslera begynte proffkarrieren sin hjå Montevideo Wanderers i 2004, etter å ha vore ein del av klubben sitt ungdomssystem før det. I 2006 gjekk han på lån til ein annan Montevideo-klubb, Nacional.

Før 2007/08-sesongen flytta Muslera til Europa og italiensk serie A, då han vart selt til Lazio for 3 millionar euro. Han var tenkt som førstekeeper då han vart kjøpt inn og debuterte for Lazio i ein heimesiger 3-1 over Cagliari 16. september 2007. I den femte kampen han starta, tapte Lazio 1-5 heime mot AC Milan og Muslera fekk skulda for fire av måla. Han hamna så på benken, til fordel for 44 år gamle Marco Ballotta. Resten av sesongen var han Lazio sin reservekeeper. I januar 2009 vann han tilbake plassen som førstekeeperen til Lazio. Han spelte resten av sesongen, og var med på å vinna den italienske cupen. I finalen redda han to straffar i den avgjerande straffesparkkonkurransen. I 2011 vart han kjøpt av den tyrkiske klubben Galatasaray. Han vart seriemeister i Tyrkia med dei i 2012, 2013 og 2015. Han vart kåra til årets keeper i Tyrkia i 2012.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Muslera fekk den første landskampen sin for Uruguay 10. oktober 2009, i den nest siste kampen i gruppespelet for kvalifisering til fotball-VM i 2010, ein bortesiger 2-1 over Ecuador. Han spelte òg den siste gruppekampen, då Uruguay tapte 0-1 heime mot Argentina, og begge dei to avgjerande playoff-kampane mot Costa Rica, som førte til at Uruguay kvalifiserte seg til VM. I sjølve VM-turneringa spelte han alle Uruguay sine sju kampar då laget nådde semifinalen og kom på fjerdeplass i turneringa. Han var òg med på å vinna Copa América med Uruguay i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]