Fess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om hovudplagget. For tonen, sjå tonen Fess.
Tradisjonell fess.

Fess er eit hovudplagg av filt med tilnærma sylinderforma pull og utan brem. Det har rimeleg flat topp og ein dusk. Det moderne hovudplagget er som regel raudt på farge. Det er knytt til middelhavslanda, og har namn etter byen Fès i Marokko.

Osmanske soldatar med fess under Den gresk-tyrkiske krigen i 1897, måla av Fausto Zonaro.
Ung beduinar med fess i Israel i 2005.

Hovudplagget var påbode å bruka for embetsmenn og soldatar i Det osmanske riket/Tyrkia frå 1832 til 1926 I 1926 la Kemal Atatürk ned forbod mot plagget som del av moderniseringa av Tyrkia. I 1928 blei det også forbode i Iran, under sjah Reza Pahlavi sine ambisøse moderniseringsplanar. Fessen blei brukt av overklassen i Egypt fram til 1953, året etter militærkuppet i landet, då hovudeplagget blei forbude også der.

I dag er fess ein del av folkedrakter i Marokko, Hellas og Albania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]