Hopp til innhald

Fidesz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fidesz

LandUngarn
Partileiar(ar)Viktor Orbán
Grunnlagt30. mars 1988
HovudkvarterBudapest
Ideologinasjonalkonservatisme, høgrepopulisme, økonomisk nasjonalisme, liberalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Fidesz – Ungarsk borgarunionen (ungarsk Fidesz – Magyar Polgári Szövetség) er eit nasjonalkonservativt og kristelegdemokratisk parti i Ungarn. Partileiaren Viktor Orbán er sidan 2010 statsminister i Ungarn.

Partiet blei skipa den 30. mars 1988 som eit anti-kommunistisk parti med mål om å tettare integrera Ungarn med resten av Europa, særleg innan økonomi.[1]

Fidesz var frå byrjinga eit liberalt ungdomsparti, tilslutta den liberale internasjonalen. Frå 1994 la partiet seg på ei meir konservativ linje. Fidesz var i ein periode medlem av det europeiske folkepartiet (EPP).[2]

Fidesz var med i ein regjeringskoalisjon frå 1998 til 2002.[3] Partiet tapte valet i 2002 og 2006, men oppnådde heile 52,3 prosent av røystene ved valet i 2010 og heile 263 mandat (av 386) i parlamentet (Országgyűlés). Fidesz hadde dermed to tredjedels majoritet i parlamentet og kan såleis på eiga hand endre konstitusjonen for landet.

  1. «Fidesz» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 22. november 2023. 
  2. «Hungary's ruling party quits European People's Party» (på engelsk). Deutsche Welle. Henta 22. november 2023. 
  3. Gyldendals leksikonredaktion: Fidesz i Den Store Danske på lex.dk. Henta 22. november 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fidesz