Filippino Lippi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filippino Lippi

Statsborgarskap Italia
Fødd 1457
Prato
Død

18. april 1504, 1504 (47 år)
Firenze

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Fra Filippo Lippi
Mor Lucrezia Buti
Born Roberto di Filippo Lippi
Filippino Lippi på Commons

Filippino Lippi, eigenleg Filippo Lippi, (145718. april 1504) var ein italiensk målar under renessansen, fødd i Prato. Han er særleg kjend for freskomåleria sine. Far hans, Fra Filippo Lippi, er ein minst like kjend målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lippi lærde å måle i målarverkstaden til faren Fra Filippo Lippi. Etter denne døydde i 1469 gjekk han i lære i verkstaden til Fra Don Diamante, ein av venene til faren. Frå 1472 arbeidde Lippi ei tid hos Sandro Botticelli, som hadde vore elev av far hans, og var i sine tidlege verk påverka av han. Deretter vart bileta hans sterkt påverka av det flamske måleriet.

Maria møy openberrer seg for Bernard av Clairvaux, 1486

Frå 1482 til 1484 fullførte Filippino Lippi Masaccio sine freskar i Brancacci-kapellet i kyrkja Santa Maria del Carmine i Firenze. Inn i mellom heldt han seg i Roma, der han studerte antikken. Frå 1489 til 1493 skapte han freskane i Carafa-kapellet i Santa Maria sopra Minerva-kyrkja i Roma. Hans største oppdragsgjevar var Lorenzo de Medici i Firenze.

Av sine samtidige var Filippino høgt verdsett, og omtala som ein høfleg og elskverdig kamerat og medborgar. Han vart rekna som svært kjenslevar, men full av humor. Han døydde i Firenze som følgjene av ein akutt halsbetennelse. Lippi var ein rik mann då han døydde og etterlet seg fleire hus, samt ein stor formue.

Med si ujamne penselføring og sin til dels dystre fargebruk i sine seine verk, var Filippino Lippi ein forløpar for den italienske manierismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]