Hopp til innhald

Filmen Armand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armand
RegiHalfdan Ullmann Tøndel Sjå dette på Wikidata
MedverkandeRenate Reinsve, Ellen Dorrit Petersen Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2024
Lengd116 minutt, 117 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg, Nederland, Tyskland, Sverige Sjå dette på Wikidata
Språknorsk

Armand er ein norsk dramafilm frå 2024, regissert og skriven av Halfdan Ullmann Tøndel.[1]

Filmen hadde verdspremiere under Un Certain Regard-delen av den 77. Filmfestivalen i Cannes 18. mai 2024, der han vann Caméra d'Or for beste filmdebut.[2][3] Armand skal ha kinopremiere i Noreg 27. september 2024.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga føregår på ein forlaten skole der alle skuleelevane akkurat har tatt sommarferie. Åleinemora Elisabeth blir på kort varsel kalla inn til møte med kontaktlæraren Sunna for å diskutere noko som skal ha skjedd mellom seks år gamle Armand og klassekameraten Jon. Foreldra til Jon er også til stade under møtet, men synspunkta om kva som eigentleg har skjedd mellom sønene deira spriker kraftig. Etter kvart blir også rektor ved skulen Jarle og helsesystera Ajsa involvert i saka. Det visar seg at det ligg meir bak saka enn det ein fyrst har gått ut frå, blant anna kor mange av dei involverte som kjenner kvarandre frå før.[4]

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Armand er spelefilmdebuten til Halfdan Ullmann Tøndel, barnebarnet til skodespelaren Liv Ullmann og filmskaparen Ingmar Bergman.[5] Filmen er ein produksjon av Eye Eye Pictures, som blei skipa i 2022 av Dyveke Bjørkly Graver og Andrea Berentsen Ottmar. Bjørkly Graver og Berntsen jobba begge på 2021-filmen til Joachim Trier Verdens verste menneske.[6] Armand er produsert av Berentsen Ottmar, in samproduksjon med Keplerfilm (Nederland), Prolaps (Sverige) og One Two Films (Tyskland), i tillegg til Zefyr (Noreg) og Film i Väst (Sverige).[1] Trier og Bjørkly Graver fungerte som ansvarlege produsentar.[7]

Lansering[endre | endre wikiteksten]

Armand blei vald ut til å delta i Un Certain Regard-delen av den 77. filmfestivalen i Cannes, der han hadde verdspremiere 18. mai 2024,[8] Filmen skal ha kinopremiere i Noreg 27. september 2024.[9]

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Pris Dato for seremoni Kategori Mottakar(ar) Resultat Ref.
Filmfestivalen i Cannes 24. mai 2024 Prix Un Certain Regard Halfdan Ullmann Tøndel Nominert [10]
25. mai 2024 Caméra d'Or Vinnar [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]