Filmen Elling
Regi | Petter Næss ![]() |
---|---|
Produsent(ar) | Dag Alveberg ![]() |
Manus | Axel Hellstenius ![]() |
Basert på | Brødre i blodet ![]() |
Medverkande | Per Christian Ellefsen, Sven Nordin ![]() |
Klipp | Inge-Lise Langfeldt ![]() |
Musikk | Lars Lillo-Stenberg ![]() |
Sjeffotograf | Svein Krøvel ![]() |
Distributør | Italian International Film ![]() |
Utgjevingsdato | 2001 |
Lengd | 85 minutt ![]() |
Opphavsland | Noreg ![]() |
Språk | norsk |
Elling er ein norsk, Oscar-nominert film frå 2001 regissert av Petter Næss og basert på den tredje romanen om «Elling», Brødre i blodet, av Ingvar Ambjørnsen.
Elling er den første filmen i trilogien om Elling. Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2002. Han kom derimot ikkje med på lista då Dagbladet i 2007 kåra dei 15 viktigaste filmane sidan 1982.
Handlinga[endre | endre wikiteksten]
Elling skildrar korleis to tidlegare pasientar ved «Brøynes behandlingshjem» skal klare seg åleine i ei trygdeleilegheit på Majorstua i Oslo, med noko hjelp frå sosialarbeidaren Frank. Medan eine av dei, Elling, slit med angst og fikse idear, er den andre, Kjell-Bjarne, nokså enkel og sexfiksert. Etter kvart lærer dei seg til å takle verda og møter andre menneske.
Rolleliste[endre | endre wikiteksten]
Rolle | Skodespelar |
---|---|
Elling | Per Christian Ellefsen |
Kjell Bjarne | Sven Nordin |
Reidun Nordsletten | Marit Pia Jacobsen |
Frank Åsli | Jørgen Langhelle |
Alfons Jørgensen | Per Christensen |
Gunn | Hilde Olausson |
Hauger | Ola Otnes |
Johanne | Eli Anne Linnestad |
Cecilie Kornes | Cecilie A. Mosli |
Haakon Willum | Joachim Rafaelsen |
Eriksen | Per Gørvell |
Servitør på kaféen | Knud Dahl |