Filmen Hancock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hancock
Opphavsland USA
Språk Engelsk
Regissør Peter Berg
Produsent Akiva Goldsman
James Lassiter
Michael Mann
Will Smith
Manus Vince Gilligan
Vincent Ngo
Medverkande Will Smith
Charlize Theron
Jason Bateman
Musikk John Powell
Sjeffotograf Tobias A. Schliessler
Klipp Paul Rubell
Colby Parker Jr.
Filmselskap Columbia Pictures
Utgjevingsår 18. juli 2008
Lengd 93 min.
Budsjett NOK 750 millionar
Aldersgrense 15
Oppfølgjar Hancock 2 (planlagt)

Hancock er ein amerikansk superhelt-film frå 2008. Filmen er regissert av Peter Berg, som tidlegare har regissert mellom anna The Kingdom (2007). Han handlar om den mislykka superhelten John Hancock, som har blitt veldig upopulær i heimbyen Los Angeles. Hancock møter PR-rådgjevaren Ray, som prøver å ordne opp i oppførselen hans.

Historia vart opphavleg skriven av Vincent Ngo i 1996, men produksjonen starta ikkje før meir enn 10 år seinare, i 2007. Fleire regissørar har vore knytt til prosjektet, mellom anna Tony Scott, Michael Mann og Jonathan Mostow og Gabriele Muccino.[1] Hancock vart filma i Los Angeles med eit budsjett på 750 millionar norske kroner.

I USA fekk filmen aldersgrensa PG-13 av Motion Picture Association of America. Filmen hadde premiere 2. juli 2008 i USA og 18. juli 2008 i Noreg. Hancock har fått mykje dårleg omtale frå filmkritikarar, men har spela inn om lag 3 631 millionar kroner.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen handlar om John Hancock, ein alkoholisert og deprimert superhelt. Han kan fly, er god til å slåst og immun mot alle fysiske åtak, inkludert å bli skoten på. Han prøver å bruke superkreftene sine til å halde gatene i Los Angeles trygge, men er ganske klønete, i tillegg til at han drikk og ofte gjer meir skade enn gagn. Ofte sneiar han borti opptil fleire hus medan han flyg.

I Los Angeles blir han berre meir og meir upopulær på grunn av alle skadane han påfører byen. Men under eitt av redningsforsøka sine treffer han på PR-agenten Ray Embrey (Jason Bateman). Jobben til Ray går ikkje så bra, og han tilbyr seg å gje Hancock eit betre omdømme.[2]

Ray er gift med Mary (Charlize Theron) og når Hancock møter henne, oppstår det ein uforklarleg, umiddelbar kontakt mellom dei. Ikkje lenge etter byrjar kreftene til Hancock å bli svakare og svakare. Dette får kriminelle på jakt etter hemn vite om, og dei tek opp jakta.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Manusforfattaren Vincent Ngo skreiv manuskriptet Tonight, He Comes i 1996. Utkastet handla om ein uroleg tolvåring og ein avdanka superhelt, og vart fyrst plukka opp av regissøren Tony Scott som eit filmprosjekt.[1] Seinare kom Akiva Goldsman over manuset, og vart umiddelbart begeistra over det. Han oppmoda Richard Saperstein, som då var president for utvikling og produksjon i Artisan Entertainment, om å sikre seg manuskrpitet i 2002. Regissør Michael Mann vart fyrst sett til å regissere Tonight, He Comes, men valde i staden å ha regi for Miami Vice (2006). Prosjektet vart så kjøpt opp av Goldsman, etter at Artisan hadde sett det på vent.

Manusforfattarane Vince Gilligan og John August skreiv om Ngos manuskript, og Jonathan Mostow vart hyra inn for å regissere filmen. Under Mostows tilsyn vart det skrive eit 10-siders forslag for å sikre seg skodespelar Will Smith til å spele tittelrolla Hancock. Fleire studio sa nei til å finansiere filmen, men Columbia Pictures fekk rettane i februar 2005. Filmen skulle eigentleg ha premiere i 2006, men vart forseinka sidan Mostrow trakk seg på grunn av kunstnariske usemjer. Den italienske regissøren Gabriele Muccino tok over Mostows rolle i mai 2006, men var opptatt med sin film Pursuit of Happiness og fekk ikkje starta før seinare. Dette førte òg til at Smith måtte endre planar, og spele inn I Am Legend før Tonight, He Comes.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Hollywood Boulevard var ein av stadene filmen vart spelt inn.

Peter Berg vart engasjert til å regissere filmen i oktober 2006, medan han heldt på med innspelinga av The Kingdom (2007].[3][4] Han tok kontakt med Michael Mann, då han høyrde om filmen, sidan Mann hadde vorte ein av produsentane.

Før innspelinga starta vart tittelen endra frå Tonight, He Comes til John Hancock, og vart seinare forkorta til Hancock. Ein byrja å spele inn den 3. juli 2007 i Los Angeles, med eit produksjonsbudsjett på 750 millionar NOK. Landskapet, som til dømes Hollywood Boulevard, vart omforma til å sjå kaotisk ut, med bygningsskadar, øydelagte køyretøy og brannar. [5][6][7]

Visuelle effektar[endre | endre wikiteksten]

Hancock var Peter Bergs fyrste film som brukte visuelle effektar som ein viktig del av filminnhaldet. Han såg på dei data-genererte kampscenene som den delen av filmen han var minst nøgd med, sidan han sjølv ikkje hadde så mykje kontroll over det som måtte til for å gjere scenene vellykka.[5]

Carey Villegas var ansvarleg for visuelle effektar og sa at det var ei utfordring for dei som laga effektane, sidan Peter Berg sin innspelingsteknikk hadde «veldig høg energi». Mannskapet hadde rekna med at det måtte lagast 300 scener med visuelle effektar, men det vart om lag 525.[8]

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

  • Will Smith som John Hancock, ein alkoholisert, sarkastisk superhelt. Smith si beskriving av rolla er: «Hancock er ikkje den gjennomsnittlege superhelten. Kvar dag vaknar han fylt av eit raseri mot omverda. Han kan ikkje hugse forhistoria si, og det er ingen som kan hjelpe han å finne svara.» Hancock er umogleg å skade, har overmenneskeleg styrke, og kan fly raskare enn lyden.[9]
  • Jason Bateman som Ray Embrey, ein PR-konsulent som Hancock reddar livet til. Bateman sa: «Min karakter ser livet gjennom eit rosenraudt filter, så han forstår ikkje kvifor folk ikkje ser den positive sida av Hancock.»[10]
  • Charlize Theron som Mary Embrey, kona til Ray.[11]
  • Eddie Marsan som Red Parker, ranar.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg hadde filmen namnet Tonight, He Comes som seinare vart endra til John Hancock før den noverande tittelen. Før utgjevinga forsøkte konsulentar å overtale Sony Pictures til å endre tittelen Hancock fordi han ikkje sa publikum noko. Dei føreslo alternativ som Heroes Never Die, Unlikely Hero, og Less Than Hero. Likevel heldt Sony på tittelen Hancock og baserte marknadsføringa på populariteten til stjerna i filmen, Will Smith.[12]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Hancock har fått mest negative omtalar frå filmkritikarar. Rotten Tomatoes rapporterte at 36 % av 151 kritikarar hadde gjeve filmen positiv kritikk, med eit gjennomsnitt på 5,3 av 10. På Metacritic har filmen eit gjennomsnitt på 49 av 100 poeng, basert på 37 omtalar.[13][14][15]

Enkelte kritikarar beskreiv filmen som eit virvar av ulike idear som trass i ein bra start, ikkje leverte heilt det ein kunne forvente.

Omsetning[endre | endre wikiteksten]

Filmen hadde førpremiere 1. juli 2008 på 3 680 kinoar i USA og Canada, og spela inn 33 millionar NOK.[16][17][18]

Den vanlege premieren var 2. juli 2008, på 3 965 kinoar. Ved slutten av langhelga filmen vart sloppen, hadde Hancock kome opp på øvste plassering på dei amerikanske og kanadiske kinolistene, og tent inn 554,3 millionar NOK. [19]

Filmen hadde premiere i Noreg den 18. juli 2008 og spela inn NOK 7,3 millionar frå 60 kinoar.

Hancock har spela inn 1,5 milliardar i over førti land, som totalt utgjer ei global omsetning på 2,595 milliardar. [20]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fleming, Michael (17. juli 2002). «Artisan 'Comes' to deal with Goldsman». Variety (Reed Business Information). Henta 8. juli 2007.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «artisan» er definert flere gonger med ulikt innhald
  2. Tucker, Reed (29. juni 2008). «Stuporman! Hancock, Will Smith's slovenly, boozing new antihero takes caped crusaders to a whole new low». New York Post (News Corporation). 
  3. Fleming, Michael; Nicole Laporte (15. oktober 2006). «'Tonight' he shoots». Variety (Reed Business Information). Henta 8. juli 2007.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  4. Rea, Steven (29. juni 2008). «On Movies: Unheroic superhero appealed to director». The Philadelphia Inquirer (Philadelphia Media Holdings). Arkivert frå originalen 2008-08-04. Henta 3. juli 2008. 
  5. 5,0 5,1 Anderson, John (29. juni 2008). «Will Smith plays a boozy superhero in 'Hancock'». Newsday (Tribune Company). Henta 3. juli 2008. 
  6. Stax (20. juni 2007). «Tonight, He Gets Retitled». IGN (News Corporation). Henta 8. juli 2007. 
  7. «Will Smith hits new heights for ‘Hancock’». MSNBC (NBC Universal, Microsoft). 24. juli 2007. Henta 13. juli 2007. 
  8. Bennett, Tara (7. juli 2008). «Hancock: Off-the-Cuff VFX». VFXWorld.com (AWN, Inc). Henta 18. juli 2008. 
  9. Ganley, Doug (1. juli 2008). «Will Smith: 'I was scared' of flying». CNN (Turner Broadcasting Company). Henta 3. juli 2008. 
  10. Goodridge, Mike (21. juni 2008). «Cometh the hour...». The Times (News International). 
  11. «Cover star: Charlize finds her hero». Wales on Sunday (Western Mail). 29. juni 2008. 
  12. Whipp, Glenn (29. juni 2008). «Will power: The wait is over! Will Smith returns to theaters as troubled superhero Hancock». Los Angeles Times (Tribune Company). 
  13. «Hancock Movie Reviews». Rotten Tomatoes. IGN Entertainment, Inc. Henta 4. juli 2008. 
  14. Cieply, Michael (4. april 2008). «A Man of Steel With Feet of Clay». The New York Times (The New York Times Company). Henta 7. mai 2008. 
  15. «Hancock (2008): Reviews». Metacritic. CNET Networks, Inc. Henta 4. juli 2008. 
  16. McClintock, Pamela (6. juli 2008). «'Hancock' a holiday box office hero». Variety (Reed Business Information). Henta 7. juli 2008. 
  17. Hsu, Tiffany (7. juli 2008). «'Hancock' a signature opening for Will Smith». Los Angeles Times (Tribune Company). Henta 7. juli 2008. 
  18. Cieply, Michael (7. juli 2008). «‘Hancock’ Powers to the Top of Box Office». The New York Times (The New York Times Company). Henta 11. juli 2008. 
  19. McNary, Dave (6. juli 2008). «'Hancock' exerts its Will overseas». Variety (Reed Business Information). Henta 7. juli 2008. 
  20. Segers, Frank (6. juli 2008). «'Hancock' tops overseas boxoffice». The Hollywood Reporter (Nielsen Company). Henta 7. juli 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Hancock