Superhelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Superhelten Mr. Scarlet frå Wow Comics.

Superhelt er ein heroisk, fiktiv person, som har eit spesielt talent, overnaturlege fenomen eller overmenneskelege krefter (superkrefter). Dei er ofte å finna i teikneseriar, spesielt amerikanske og diverse filmar (som ofte byggjer på teikneseriane). Ein superhelt har ofte éin eller fleire fiendar (superskurkar), som enten kjemper aktivt mot helten, eller som helten av ein eller grunn må stoppa for at ikkje skurken skal skada nokon andre.

Typisk kan superhelten ha kome i kontakt med eller bli utsett for eitt farleg stoff eller stråling (ofte radioaktivt), som kan resultera i at helten muterer og dermed får ei form for superkrefter. Dette gjeld heltar som til dømes Spider-Man, Hulk og gruppa kalla Fantastic Four. Andre superheltar har medfødde krefter, som heltane i X-Men, som på grunn av dei overmenneskelege evnene sine blir kalla for mutantar. Figurar som kjem frå ein annan planet enn jorda kan rå over medfødde superkrefter. Eit døme på dette kan vera Supermann.

Ei annan omdiskutert gruppe superheltar igjen har ikkje superkrefter i det heile, men stoler derimot på kløkt, talent og teknologi. Døme på dette kan vera Wonder Woman, Captain America, The Flash, Batman eller Iron Man.

Sjølv om det er eit tydeleg skilje mellom superheltar, som er gode, og superskurkar, den vonde motparten til superheltane, finst det nokre såkalla «heltar» som ligg mellom desse ytterpunkta. Dette kan vera skikkelsar med evner som er på grensa mellom godt og vondt. Desse blir kalla antiheltar, og ofte kjempar desse på si eiga side, framfor å velja mellom godt og vondt. Mange av dei manglar éin eller fleire eigenskapar som ein tradisjonell helt ofte har. Eit døme på ein slik antihelt er mutanten Deadpool.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Superhelt
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.