Filmen Tatt av vinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Clark Gable og Vivien Leigh i filmen

Tatt av vinden (originaltittel Gone with the Wind) er ein amerikansk historisk, romantisk dramafilm frå 1939. Filmen er basert på romanen med same tittel av Margaret Mitchell. I hovudrollene er Clark Gable som Rhett Butler og Vivien Leigh som Scarlett O'Hara. Historia spelar seg under og etter den amerikanske borgarkrigen, men under overflata føregår det ein lidenskapeleg og spennande kjærleikshistorie.

Sjølve produksjonen av filmen vart utsett i to år sidan produsent David O. Selznick ikkje ville ha nokon andre skodespelarar enn Clark Gable i rollen som Rhett Butler. Over 1 400 kvinner skal ha vorte intervjua på jakt etter skuespillerinna som skulle spela den kvinnelege hovudrolla som Scarlett O'Hara. Det opphavlege manuset til filmen vart skrive av Sidney Howard, men den gjennomgjekk mange revisjonar av fleire ulike forfattarar før den faktisk vart filmatisert. Den opphavlege regissøren til filmen, George Cukor, fekk sparken kort tid etter at filminga hadde byrja og han vart erstatta av Victor Fleming, som i sin tur vart erstatta av Sam Wood kort tid seinare.

I 1989 vart Tatt av vinden inkludert i Library of Congress sin filmliste National Film Registry for å vera ein «kulturelt, historisk og estetisk viktig film». Filmen er blant topp ti på Lista til det amerikanske filminstituttet over dei 100 beste amerikanske filmane gjennom tidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]