Filmfareprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamal Abdel Nasser ved Filmfare Awards i 1960.

Filmfareprisen er ei gruppe prisar for framifrå kunstnarisk og teknisk prestasjon innan indisk filmindustri, først og fremst knytt til hindispråklege eller Bollywood-filmar. Dei er rekna som det indiske svaret på Oscar-prisen.[1] Prisane blei først delte ut av The Times Group i 1954, same året som Den nasjonale filmprisen i India. Opphavleg blei dei kalla «Clare Awards» eller «The Clares» etter Clare Mendonca, redaktøren for The Times of India. Dei er seinare blitt knytte til filmmagasinet Filmfare.

Sidan 1956 har tildelinga av prisane blitt gjort av ein kombinasjon av ein folkejury og eit ekspertpanel. Dette skil seg frå Den nasjonale filmprisen, som blir gjevne av ein komité utnemnd av dei indiske styresmaktene.

Seremonien har hatt ulike private organisasjonar som sponsor gjennom tidene. På 1990-talet blei seremonien fleire år send direkte på fjernsyn. Sidan 2000 er det blitt send eit redigert opptak på SET ei eller to veker etter at seremonien fann stad. Frå 2018 av har seremonien blitt send på tv-stasjonen Colors. Den 64. tildelinga av Filmfare Awards blei halden 23. mars 2019 ved Jio Garden BKC i Mumbai.

I tillegg til prisar for filmar på hindi finst det også prisar og seremoniar for filmar på andre indiske språk - Filmfareprisen sør for sørindisk film, Filmfareprisen aust for austindisk film, Filmfareprisen marathi for marathifilm[2] og Filmfareprisen panjabi for panjabispråkleg film.[3]

Fram til midten av 1990-talet var Filmfare-prisen den fremste og best kjende prisen i Bollywood. Etter at det blei stelt til fleire andre prisar i Mumbai, fekk Filmfare-tdelinga mindre merksemd frå 2000-talet.[1][4]

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Folk med alle nominasjonar i ein kategori[endre | endre wikiteksten]

Nominert Kategori Pris År
Meena Kumari Beste skodespelar 10. filmfareprisen 1963
Mohammed Rafi Beste mannlege playback-songar 16. filmfareprisen 1969
Asha Bhosle Beste kvinnelege playback-songar 20. filmfareprisen 1973
Kishore Kumar Beste mannlege playback-songar 32. filmfareprisen 1985
Alka Yagnik Beste kvinnelege playback-songar 39. filmfareprisen 1994
Javed Akhtar Beste låtskrivar 50. filmfareprisen 2005

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mehta, Monika (2005), «Globalizing Bombay Cinema: Reproducing the Indian State and Family», Cultural Dynamics 17 (2): 135–154 [145], doi:10.1177/0921374005058583 
  2. «Filmfare Marathi: Nominations are out - Times of India». The Times of India. 
  3. «1st edition of Jio Filmfare Awards Punjabi 2017 - Times of India». The Times of India. Henta 2. oktober 2018. 
  4. «Filmfare Awards have lost their gleam over the years». Arkivert frå originalen 16. august 2011. Henta 8. mars 2011. The Filmfare is equivalent to the Oscars for India. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Filmfareprisen