Filtkattefot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filtkattefot


Status i Noreg: LC Livskraftig

Antennaria alpina1.JPG

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Kattefotslekta
Art: A. alpina
Vitskapleg namn
Antennaria alpina

Filtkattefot (Antennaria alpina) er ei plante i korgplantefamilien, med ei amfi-atlantisk (finst på begge sider av Atlanterhavet) utbreiing.

Filtkattefot er kring 8 cm høg, med blad som er lyst grålodne på undersida, og oftast også på oversida. Stengelen er kvitfilta. Korgdekkblad mørkt gråbrune, seinare gulbrune., smale og spisse på hoplanta, breiare og med oppflisa kant på hannplanta. Hannplanta er mykje meir sjeldsynt enn hoplanta. Elles har filtkattefot kvit fnokk, sjeldan lyst raudleg. Blømer kring juli i bakkar og på knausar til fjells, mest på kalkrik grunn. I Noreg utbreidd frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.

I Noreg finst det to underartar: Fjellkattefot og grønkattefot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.