Fimbulvinteren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fimbulvinteren eller fimbulvetteren (av norrønt fimbulvetr «frykteleg, stor vinter») er i norrøn mytologi den harde vinteren som kjem før Ragnarok. Fimbulvinteren er tre etterfylgjande vintrar utan sommar mellom. I denne tida er det sagt å verta eit hoptal av krigar. Vinteren gjer ende på mest alt levande på jorda. Liv og Livtrase er det einaste menneskeparet som overlever Ragnarok. Dei gøymer seg i skogen til Hoddmime.[1]

Klimaendring?[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte spekulert i om førestelinga om Fimbulvinteren stammar frå klimaendringane mot slutten av jarnalderen. Analysar av iskjernar frå Grønland og Antarktis og årringsdateringar peiker i retning av at desse klimaendringane kan ha oppstått som følgje av to vulkanutbrot, fyrst i 536 og så i 540.[2] Ein trur òg at desse utbrota kan ha påverka Mayariket. Før klimaendringa var klimaet i Norden etter tilhøva varmt.

Fimbulvinteren i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Oslo under vinteren 1953/1954, omtalt som «Fimbulvinteren».

Den norske forfattaren Sigbjørn Hølmebakk skreiv romanen Fimbulvinteren (1964) om tida då den tyske okkupasjonsmakta trekte seg ut frå Finnmark under andre verdskrigen. Filmen Brent jord frå 1969 byggjer på Fimbulvinteren.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «fimbulvinter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 
  2. S. Zielinski, Sixth-century misery tied to not one, but two, volcanic eruptions, Smithsonian Magazine, 8/7-2015.
  3. Skei, Hans H. (7. mai 2019). «Sigbjørn Hølmebakk». Store norske leksikon (på norsk bokmål).