Finnfjorden i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnsnes ved Finnfjorden

Finnfjorden er ein fjord i Senja kommune i Troms. Fjorden ligg på søraustsida av Senja mellom Solbergfjorden i sør og Gisundet. Han strekkjer seg 7 km frå sørvest til Finnfjordbotn i nordaust.

I sør har fjorden har innløp mellom Nordhamnodden i vest og Galteneset i aust. Byen Finnsnes, som fjorden er kalla opp etter, ligg på nordsida av fjorden. Aust for Finnsnes ligg Finnfjordbotn og sør for denne tettstaden ligg bygda Øyjord. Hemmingsjord er ei anna bygd ved det sørlege innløpet til fjorden. Vest for Finnsnes går Gisundet nordover til Malangen. Vest for Finnfjorden ligg Laksfjorden.

Fylkesveg 86 går langs aust- og nordsida av fjorden.