Finnsnes
Utsjånad
| Finnsnes | |||
| tettstad | |||
Finnsnes sett frå Hurtigruta | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Senja | ||
| Areal | 3,37 km² | ||
| Folketal | 4 961 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 472 / km² | ||
| Postnummer | 9300 FINNSNES | ||
| Innbyggjarnamn | finnsnesværing | ||
| Preposisjon | på Finnsnes | ||
![]() Finnsnes 69°13′46″N 17°58′52″E / 69.229444444444°N 17.981111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Finnsnes | |||
Finnsnes er ein by og administrasjonssenteret i Senja kommune i Troms. Staden var òg senter i tidlegare Lenvik kommune. Byen ligg på ein odde på fastlandet ut mot Senja, om lag 70 km sørvest for Tromsø, og er knytt til tettstaden Silsand på Senja-sida med den 1147 meter lange Gisundbrua. Frå Finnsnes går fylkesveg 86 søraustover til E 6. Hurtigruta har anløp på Finnsnes, og det er samband med hurtigbåt til Harstad og Tromsø.
Finnsnes er eit viktig inustri-, handels- og kommunikasjonssenter og regionsenter for ytre Midt-Troms. Byen har kjøpesenter, hamn, hotell, idrettsbygg, kulturhus, barne- og ungdomsskole. Kontora til avisa Troms Folkeblad ligg på Finnsnes.
I 2000 vedtok Lenvik kommunestyre bystatus for Finnsnes.
Bildegalleri
[endre | endre wikiteksten]- Finnsnesvatnet med Lenvik rådhus til høgre
- Finnsnes senter
- Ottarstatuen på Valen, like ved Lundkaia
- Finnsnes rundkøyring
