Solbergfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°7′59.621″N 17°39′13.162″E

Denne artikkelen handlar om fjorden i Noreg. For fjorden i Antarktis, sjå Solbergfjorden i Antarktis.
Solbergfjorden
fjord
Sörreisa Lenvik IMG 4917 senja solbergfjorden reisfjorden.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommunar Dyrøy, Senja, Sørreisa

Solbergfjorden
69°8′ N 17°40′ E
Wikimedia Commons: Solbergfjorden

Solbergfjorden er ein fjord på søraustsida av Senja i Troms og Finnmark. Han ligg i kommunane Dyrøy, Senja og Sørreisa. Fjorden strekkjer seg 27 km nordaustover til Tømmervika i Sørreisa.

I vest startar fjorden mellom Tranøya i nord og Dyrøya i sør. I vest grenser fjorden til Tranøyfjorden som går sørover til Vågsfjorden. I aust går Reisfjorden sørover til tettstaden Sørreisa, medan Finnfjorden går nordover til Finnsnes og Gisundet på austsida av Senja.

Av større busetnader langs fjorden finn ein grendene Skatvika og Solberg og bygdene Vangsvika, Rubbestad og Russestad på Senja. På sørsida finn ein grendene Espenes i Dyrøy og Forstrand i Sørreisa på fastlandet.

Av vegar langs fjorden finn ein Fv231 og Fv227 på nordsida og Fv211 og Fv212 på sørsida. Heilt aust i fjorden går Fylkesveg 86.