Firebyrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firebyrd
Studioalbum av Gene Clark
Utgjeve 1984
Studio Different Fur Studios
Sjanger Countryrock, rock
Lengd 33 min
Selskap Takoma Records
Produsent Andy Kandanes
Gene Clark-kronologi 
City
(1980)
Firebyrd So Rebellious A Lover
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Firebyrd er eit studioalbum frå 1984 av Gene Clark.

Albumet var enno eit album av Clark som fekk strålande kritikk då det kom ut, men som selde særs dårleg, hovudsakleg på grunn av dårleg distribusjon.[1] I tillegg til originale songar spelte Clark inn to gamle The Byrds-songar, «Mr. Tambourine Man» og «Feel a Whole Lot Better», i tillegg til Gordon Lightfoot sin «If You Could Read My Mind».

Clark flytta til Hawaii i 1980 med Jesse Ed Davis for å prøve å overvinne narkotikamisbruket og var der til slutten av 1981. Då han kom tilbake til Los Angeles samla han eit nytt band og produserte eit album kalla Firebyrd (tittelen viser til at han var bandmedlem i The Byrds og Firefall). Medan han venta på at Firebyrd skulle kome ut, slo Clark seg saman med Chris Hillman og andre i eit mislukka prosjekt kalla Flyte, som ikkje klarte å få platekontrakt og som derfor raskt vart oppløyst. Firebyrd kom til slutt ut i 1984 samstundes med plater av R.E.M. og Tom Petty, som hadde tent ei ny interesse for The Byrds.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tambourine Man»Bob Dylan5:38
2.«Something About You Baby»Gene Clark, Andy Kandanes2:51
3.«Rodeo Rider»Gene Clark, Andy Kandanes4:01
4.«Rain Song»Gene Clark, Andy Kandanes3:01
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Vanessa»Alex Taylor, Thomas Jefferson Kaye3:07
6.«If You Could Read My Mind»Gordon Lightfoot3:50
7.«Feel a Whole Lot Better »Gene Clark2:46
8.«Made For Love»Gene Clark3:19
9.«Blue Raven»Gene Clark4:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Gene Clark - gitar, solovokal
  • Bret Bloomfield - bassgitar
  • Andy Kandanes - trommer, korvokal
  • Bud Shank - fløyte (spor 9)
  • Herb Pedersen - harmonivokal
  • David Ossie Ahlers - klaverinstrument, synthesizer
  • Greg Douglas - sologitar, slidegitar
  • Chris Hillman, Thomas Jefferson Kaye - korvokal

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Andy Kandanes
  • Medprodusent: Thomas Jefferson Kaye

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. FirebyrdAllmusic