Laksetrapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fisketrapp)
Hopp til navigering Hopp til søk
Laksetrapp ved ei demning i elva Isar i nærleiken av Pullach i Tyskland.
Ein laks som går opp Støvelfossen i Stordalselva i Åfjord, med laksetrappa i bakgrunnen.
Foto: Bjørn Nesheim
Laksetrapp i nærleiken av vasskraftverket i Gullspång i Sverige.

Laksetrapp, eller fisketrapp, er trappeliknande byggverk i elver som skal hjelpe fisk til å forsere fossar, eller til kome seg forbi vasskraftverk, demningar, sluser og anna som elles ville hindra fisken i gå opp i den delen av elva eller i det vatnet som ligg ovanfor.

Ofte er det for å eliminere eller redusere skadane på fisket i elvar og vatn som fylgje av vasskraftutbygging at laksetrapper vert bygd. Nemninga laksetrapp har si bakgrunn i at det vanlegvis er for laksefisk, særleg for laks, men òg for aure, at det vert bygd slike trapper i Noreg. Trappa skal gjere det mogleg for gytefiske av slike andronome fiskeslag som laks og sjøaure å kome seg frå havet og opp forbi hindringa i elva, og dessutan gjere det mogleg for småfisken i elva, smolten, å kome seg forbi hindringa og ut i havet. I mange andre land er det ofte andre eller fleire fiskeartar som trappene vert bygde for, og den vanlege nemninga for laksetrapp på ulike språk er difor fisketrapp uttrykt i tilsvarande ord på vedkomande språk.

Ei laksetrapp kan vere innretta som ei vassrenne der fisken kan symje i sikk-sakk oppover eller nedover i ei lagleg bratt vasstraum, eller hoppe i ei vass-straum frå kulp til kulp i trinn på om lag halvmeteren i høgdeskilnad.