Eidsfossen
Utsjånad
| Eidsfossen | |||
| foss | |||
Eidsfossen i august Foto: C. Hill, 2008 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Gloppen | ||
| Fossetype | Kaskadefoss | ||
| Elv | Gloppeelva | ||
| Totalt fall | 32 m | ||
![]() Eidsfossen 61°45′21″N 6°14′45″E / 61.75593°N 6.24595°E | |||
| Wikimedia Commons: Eidsfossen | |||
Eidsfossen er ein foss i Gloppeelva aust på garden Eide i Gloppen kommune i Vestland. Fossen er ein kaskadefoss med eit fall på 32 meter. På grunn av den store vassføringa i elva er fossen eit tydeleg landemerke i kommunen, og er merkt som sjåverdig på kartet i vegboka til Norges Automobil-Forbund og av Statens vegvesen. Vassføringa er på sitt største mellom april og juli.
Fossen blei bygd ut med elvekraftverk av Gloppen Energiverk (GEV) i 1917, og sidan 2000 driftet av Sogn og Fjordane energi (SFE). Kraftverket, Eidsfoss kraftverk, blei sist oppgradert i 2008.

Laksetrapp
[endre | endre wikiteksten]Ved fossen er det bygd ei laksetrapp som skal hjelpa laksen å vandre frå Gloppefjorden til Breimsvatnet. Området rundt trappa er tilrettelagd for publikum med bruer og rekkverk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eidsfossen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juni 2011.
