Fjellarve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellarve
Fjellarve
Fjellarve
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Slekt: Storarveslekta Cerastium
Art: Fjellarve C. alpinum
Vitskapleg namn
Cerastium alpinum

Fjellarve (Cerastium alpinum) er ei urt i nellikfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg. Stengel og blad har korte eller oftast lange mangecellar ullhår, ofte blanda med kjertelhår, eller, hjå underarten snauarve, ingen hår. Stengelen er ofte fleirblomstra. Dei øvre støtteblada er hinnekanta. Begerblada er 8-10 mm lange, og midtre delen mørkgrøn eller fiolett. Fjellarve blomstrar kring juli månad på turre stader, grus og knausar, mest til fjells. Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 2220 m i Jotunheimen. Fjellarve hybridiserer med snøarve og vanleg arve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.