Fläming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Periglasialt elveleie, «Steile Kieten», nær Belzig

Fläming er eit område og ei rekkje åsar som strekkjer seg over 100 km frå elva Elbe til elva Dahme i Tyskland og delstatane Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Den høgaste toppen er Hagelberg på 201 meter over havet. Namnet Fläming har sitt opphav frå 1100-taletflamske kolonistar slo seg ned i området etter å ha immigrert frå dei overfylte byane i Flandern.

I dag er Fläming eit landleg område, som ligg i nærleiken av storbyområdet til Berlin, og turisme har vorte ei viktig økonomisk næring. Med sine tre naturparkar (Hohe Fläming naturpark, Fläming naturpark og Nuthe-Nieplitz naturpark) er fokuset på turar, sykling og rekreasjon i naturen. Ein annan turistattraksjon er FlaemingSkate, som er den lengste rulleskeisebanen i Europa (190 km). Byane og landsbyane Ziesar, Belzig, Niemegk, Treuenbrietzen, Jüterbog, Baruth/Mark, Dahme/Mark, Wittenberg, Loburg, Möckern og Zerbst, i tillegg til kommunane Wiesenburg (Mark) og Rabenstein/Fläming, ligg i eller på grensa til Fläming.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hoher Fläming naturpark
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fläming naturpark

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 52°00′N 12°45′E