Flògo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flògo
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden kommune
Stad Sotra
Kart
Flògo
60°19′21″N 4°58′23″E / 60.32243°N 4.97314°E / 60.32243; 4.97314

Flògo er ei lita øy vest for Sotra i Øygarden kommune i Vestland fylke. Øya er skilt frå den større Lokøyna i nord og vest med eit smalt sund. Det er vegsamband til Lokøyna og over Risholmen til Syltøyna i sør.

På 1800-talet vart det oppretta husmannsplassar på Flògo under gardane på Lokøyna. I 1900 budde det 13 personar på tre husmannsplassar på øya.[1] Då øya Løno lenger ute i havgapet vart fråflytta på 1950-talet, slo fleire derfrå seg ned på Flògo.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet
  2. Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. II (Fjell kommune, 2005)