Kreasjonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsnitt av Michelangelos målarstykke i Det sixtinske kapellet der Gud skaper liv i Adam

Kreasjonisme (av latin creatio = skaping) er det filosofiske synet at verda og livet på jorda er skapt av ei eller fleire guddommeleg(e) makter gjennom éi eller fleire særskilte, medvitne skapingshandlingar.

Kreasjonisme står i motsetnad til den darwinistiske utviklingslæra og vert ikkje teken seriøst som forklaringsmodell i vitskapen. Med «intelligent design» er det forsøkt å få kreasjonismen til å framstå som ei vitskapleg lære.[treng kjelde]

Tradisjonelt har den kristne kyrkja stått på eit kreasjonistisk verdsbilete, men i dag vert retninga identifisert med fundamentalistiske grupperingar. I fleire andre religioner finst det tilsvarande syn og kløyvingar.[treng kjelde]

I nokre land har det vore diskutert om skolane skal undervise i kreasjonisme, utviklingslære, eller begge delar. Debatten har vore særleg hard i USA; dette har samanheng med at kreasjonismen er blitt ståande som ei symbolsak for somme fundamentalistiske grupper.

Dei fleste større protestantiske kyrkjer og i den katolske kyrkja har per i dag ikkje større problem med evolusjonsteorien: Dei ser for seg at kimen til evolusjonen var innebygd i verda slik ho var skapt av Gud. Dermed er ikkje motstanden mot evolusjonsteorien nå stor lenger i dei største kyrkjesamfunna. Desse tolkar forteljinga om skapinga, slik ho er gjengjeven i Fyrste mosebok, allegorisk heller enn bokstaveleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]