Flagget til Kalmarunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Kalmarunionen i same proporsjonar som flagget til Danmark.

Flagget til Kalmarunionen eller Nordens flagg (fyrst kalla Rigens banner) er eit flagg som kong Erik av Pommern i 1430 freista å føra inn i Kalmarunionen. Flagget var gult med ein raud kross, truleg med den same forma som Dannebrog, og meininga var kanskje at det skulle ha med letene frå det norske riksvåpenet.

Frå midten av 1990-åra til 2007 nøytte ein på Orknøyane eit tilsvarande flagg til å symbolisera øygruppa. I 2007 vart det valt eit nytt flagg, og dermed står flagget utan ein offentleg eigar. Våpenskjoldet til den svenske kyrkja er likevel noko likt og kan nøytast som eit flagg, som kan føra til ei forveksling mellom dei to flagga. Eventuelle nye brukarar og/eller innehavarar av eit flagg som er gult med raud kross, bør difor vera merksame på faren med å blanda saman dette svenske flagget og med det gamle Kalmar-flagget.

Kvart år den 17. juni, på fødselsdagen til Kalmarunionen, vert flagget heist opp på det tidlegare Helsingborg slott i Skåne.[1]

Flagget er i ein mindre grad nøytte av moderne skandinavistar. Sjå skandinavisme.

Svanesymbolet[endre | endre wikiteksten]

Svanesymbolet vart nøytt for fyrste gong i 1936 på ein plakat for Nordens dag.[2] Svana er den offisielle logoen for nordisk samarbeid, Nordisk råd og Nordisk ministerråd.[3]

Nasjonalflagg i Norden[endre | endre wikiteksten]

Dei nasjonale flagga i Norden tel både stats- og områdeflagg. Blant dei er: det danske flagget, det finske flagget, det færøyske flagget, det grønlandske flagget, det islandske flagget, det norske flagget, det samiske flagget, det svenske flagget og det ålandske flagget.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flaggan som blivit ett frågetecken, Helsingborg Dagblad. Besøkt 5. februar 2014
  2. «History of the logo — Nordic cooperation». archive.is. 15. april 2013. Arkivert frå originalen 15. april 2013. Henta 17. mai 2020. 
  3. «Design manual Nordic Council of Ministers and Nordic Council». design-en.norden.org. Henta 17. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]