Flaggkommandør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Flaggkommandør er ei offisersgrad i det norske Sjøforsvaret. Den svarar til brigadergrada i Hæren og Luftforsvaret. I NATO sitt system er flaggkommandør rangert på nivå OF6, den høgaste offisersgrada under admiralsgradene.

Flaggkommandør svarar i Royal Navy og US Navy til «commodore»; til «kommodore» i Bundesmarine, «flotilleadmiral» i det danske søvernet og «flottiljamiral» i den svenske flåten.

Grada flaggkommandør blei innført i Noreg i 1997 og erstatta då grada kommandør I. Dette blei gjort for at gradene skulle bli betre over eins med internasjonale grader.[1]

Grada kommandør II blei samtidig erstatta av grada kommandør.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forsvars-forum 10/1997 Brigadér og flaggkommandør

Grad under:
Kommandør

Sjøforsvaret
Militære grader

Grad over:
Kontreadmiral

Grad under:
Oberst

Hæren og Luftforsvaret '
Militære grader

Grad over:
Generalmajor