Flodsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flodsvin i dyreparken i Praha, Den tsjekkiske republikken.

Flodsvinet (vitskapleg namn på latin Hydrochoerus hydrochaeris), også kalla kapivar eller kapybara, er den største gnagaren i verda.

Flodsvinet er mellom 1 og 1,3 meter langt, og veg 35-66 kg[1]. Det har delvis symjehud mellom tærne. Nesebora, auga og øyra sit høgt oppå hovudet slik at flodsvinet kan lukte, sjå og høyre medan det sym. Det er ein framifrå symjar og dykkar i elvar, innsjøar og sumpar[2]. Flodsvin kviler om morgonen, er i vatnet under middagsheta, beitar vatnplanter, knopar og mjuk trebark om kvelden, kviler att rundt midnatt og byrjar å beite att mot daggry. Dei vandrar vidare til nye beitemarker når dei treng det, og kan raide dyrka mark og opptre som skadedyr nokre stader.

Flodsvinet lever i ulike grupperingar: Par, familiar med ungar, og større, blanda flokkar som er dominerte av ein hann som parar seg med alle hodyra i flokken. Flodsvinet streifar rundt på territoriet, som det duftmarkerer, og jagar bort inntrengjarar[2]. Etter å ha gått drektig i 150 dagar føder hodyret 1-8 pelskledte ungar (vanlegvis 5) som kan springe, symje og dykke berre få timar etter fødselen. Mennesket er mellom dei største fiendane til flodsvinet, som drep det grunna kjøtet og skinnet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Capybara Facts. Vitja 2016-01-08.
  2. 2,0 2,1 Frens, K. (2009). Hydrochoerus hydrochaeris capybara. Animal Diversity Web. Vitja 2016-01-08.