Florø radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Florø radio (LGL) var ein kystradiostasjon lokalisert i Florø i Sogn og Fjordane. Stasjonen vart skipa i 1938 etter krav frå Ruteskipenes Befalsforbund som følgje av mange grunnstøytingar kring Floralandet.[1]

Kystradiostasjonen var stengd under andre verdskrig, men starta att i 1945. Frå 1949 fekk stasjonen døgnvakt, og i 1969 vart den første VHF-sendaren teken i bruk. Betjeninga på Florø radio hadde store kunnskapar om fiskefelt, vertilhøve, båtar og mannskap og spela ofte ein avgjerande rolle som redningssentral i kritiske situasjonar.[1]

På det meste hadde Florø radio 15 tilsette.[1]

Stasjonen var døgnbemanna og lytta kontinuerleg på internasjonale nød- og kallekanalar på VHF og MF. Stasjonen sitt ansvarsområde omfatta sjø- og havområda i og utanfor fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt Trøndelag gjennom fjernstyringa av Ørlandet radio frå 2004.[1][2]

I samband med digitalisering av tenesta og samlokalisering med Hovudredningssentralane vart Florø radio lagt ned 1. januar 2018. Florø radio sitt tidlegare ansvarsområde vert no dekt av Kystradio Sør.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Florø Radio - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 17. mars 2019 
  2. Nordsjø, Egil; Aarset, Svein; Kongelig norsk motorbåt-forbund (1997), VHF om bord: begrenset radiotelefonistsertifikat for den maritime mobile VHF-tjenesten, NKS-forl., ISBN 9788250817272, henta 17. mars 2019 
  3. Støylen, Wilhelm (4. april 2017), «Tre kystradioar blir lagt ned», NRK, henta 17. mars 2019