Flugfélag Íslands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flugfélag Íslands
Skipa1937 (som Flugfélag Akureyrar)
HovudkontorReykjavík
Oppløyst15. mars 2021 (slått saman med Icelandair)[1]
Fokker F-50 frå Air Iceland i 2007.
Foto: Scott Wright

Air Iceland Connect, tidlegare Flugfélag Íslands, var[1] eit flyselskap med base i Reykjavík på Island.[2] Flyselskapet flaug til ulike destinasjonar på Island, Grønland og Færøyane (med Atlantic Airways). Reykjavík lufthamn og Akureyri lufthamn.[3] Selskapet tilhøyrde Icelandair Group,[4][5] og vart slått saman med Icelandair i 2021.[1]

Selskapet vart stifta i Akureyri av Tryggvi Helgason som Nordurflug. I mai 1975 vart namnet til selskapet endra til Flugfelag Nordurland. Ei seinare omorganisering og samanslåing av Icelandair Domestic og Norlandair (Flugfélag Nordurland) førte til det noverande namnet i 1997. Selskapet er heileigd av Icelandair Group og hadde i mars 2007 226 tilsette.

Ulukker og hendingar[endre | endre wikiteksten]

  • 29. mai 1947. Ein C-47, TF-ISI, styrta i Heidinsfjørdur nær Akureyri på Island. Alle ombord, 19 passasjerar og ei besetning på fire, omkom. Dette er den verste flyulykka i islandsk historie.
  • 14. april 1963: Nesøya-ulukka der ein Vickers Viscount TF-ISU, «Hrimfaxi», styrta i eit bustadsområde på Nesøya under innflyging til Fornebu. Alle ombord, åtte passasjerar og ei besetning på fire, omkom.
  • 4. mai 2011. Ein Bombardier Dash 8 TF-JMB vart under landing på Nuuk lufthamn utsett for vindkast som førte til at høgre hjul vart rive av. Ingen vart skadde, men flyet måtte avskrivast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 businesstraveller.com - Air Iceland Connect merges with Icelandair brand 12. mars 2021
  2. Home. Air Iceland Connect. Henta 13. februar 2011. "Air Iceland - Reykjavik airport - 101 Reykjavik"
  3. «Directory: World Airlines». Flight International. 27. mars 2007. s. 58. 
  4. «Air Iceland Connect». airicelandconnect.is. Henta 3. mars 2018. 
  5. «Air Iceland Connect to disappear». RÚV (på islandsk). 9. mars 2021. Henta 9. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]